Bible Study: FrontPage




 

Apenbaring, Chapter 14

Bible Study - Apenbaring 14 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og eg såg, og sjå: Lambet stod på Sions-fjellet, og med det hundrad og fire og fyrti tusund, som hadde dess namn og dess Faders namn skrive på panna.
  
2. Og eg høyrde ei røyst frå himmelen liksom ljoden av mange vatn og som ljoden av sterk tora, og røysti eg høyrde, var som av harpespelarar som spela på harpone sine.
  
3. Og dei song ein ny song framfor kongsstolen og for dei fire levendi og dei eldste; og ingen kunde læra songen utan dei hundrad og fire og fyrti tusund, dei som er kjøpte frå jordi.
  
4. Desse er dei som ikkje hev gjort seg ureine med kvende; for dei er som møyar, Desse er dei som fylgjer Lambet kvar helst det gjeng. Desse er kjøpte frå menneski til ei fyrstegrøda for Gud og Lambet,
  
5. og i deira munn er ikkje funne svik; for dei er utan lyte.
  
6. Og eg såg ein annan engel fljuga under det høgste av himmelen; han hadde eit æveleg evangelium å forkynna dei som bur på jordi, og alle folk og ætter og tungemål og landslydar,
  
7. og han sa med høg røyst: Ottast Gud og gjev han æra! for timen er komen då han skal halda dom; og tilbed han som gjorde himmelen og jordi og havet og vasskjeldone!
  
8. Og endå ein annan engel fylgde etter og sa: Falli, falli er Babylon, den store, ho som hev skjenkt alle folki av sin hordoms vreide-vin.
  
9. Og endå ein tridje engel fylgde etter dei og sa med høg røyst: Dersom nokon tilbed dyret og biletet av det og tek merket på panna si eller på handi si,
  
10. so skal han og drikka av Guds vreide-vin, som er skjenkt ublanda i hans harms skål, og han skal verta pint med eld og svovel for augo på dei heilage englar og Lambet;
  
11. og røyken av pinsla deira stig upp i all æva, og dei hev ikkje kvila dag eller natt dei som tilbed dyret og biletet av det, og kvar ein som tek namnemerket til det.
  
12. Her er tolmodet åt dei heilage, dei som held Guds bod og trui på Jesus.
  
13. Og eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: Skriv: Sæle er dei daude som døyr i Herren heretter! Ja, segjer Anden, dei skal kvila frå arbeidet sitt; for gjerningane deira fylgjer med dei.
  
14. So fekk eg sjå ei kvit sky, og på skyi sat ein som var lik ein menneskeson, og han hadde ei gullkruna på hovudet og ein kvass sigd i handi.
  
15. Og ein annan engel kom ut or templet og ropa med høg røyst til han som sat på skyi: Send ut sigden din og skjer! Timen til skurden er komen; for grøda på jordi er mogi til skurd.
  
16. Og han som sat på skyi, let sigden sin fara yver jordi, og jordi vart skori.
  
17. Og ein annan engel kom ut or templet i himmelen, og han hadde ein kvass sigd han og.
  
18. Og endå ein annan engel kom ut frå altaret, og han hadde makt yver elden, og ropa med høg røyst til han som hadde den kvasse sigden: Send ut den kvasse sigden din og skjer druvone av vintreet på jordi! for bæri på det er mogne.
  
19. Og engelen let sigden sin fara yver jordi og skar frukti av vintreet på jordi og kasta henne i den store vinpersa til Guds vreide.
  
20. Og vinpersa vart trødd utanfor byen, og det gjekk blod ut frå persa heilt upp til beisli på hestane, so langt som tusund og seks hundrad stadier.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES