Bible Study: FrontPage




 

Apenbaring, Chapter 22

Bible Study - Apenbaring 22 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og han synte meg ei elv med livsens vatn, som rann, klår som krystall, ut frå kongsstolen åt Gud og Lambet.
  
2. Midt imillom bygata og elvi, på båe sidor, stod livsens tre, som bar frukt tolv gonger og gav si frukt kvar månad. Og lauvet på treet var til helsebot for folki.
  
3. Og ingi bannstøyting skal vera meir, og kongsstolen åt Gud og Lambet skal vera der, og hans tenarar skal tena han,
  
4. og dei skal sjå hans åsyn, og hans namn skal vera på panna deira.
  
5. Og natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje til ljos av lampa og ljos av sol, for Herren Gud skal lysa yver dei; og dei skal råda i all æva.
  
6. Og han sa til meg: Desse ordi er truverdige og sanne; og Herren, den Gud som skifter ut sin Ande til profetane, hev sendt sin engel til å syna tenarane sine det som snart skal henda.
  
7. Og sjå, eg kjem snart. Sæl er den som tek vare på dei profetiske ordi i denne boki.
  
8. Og eg, Johannes, er den som såg og høyrde dette, Og då eg hadde høyrt og set, fall eg ned og vilde tilbeda for føtene åt den engelen som synte meg dette.
  
9. Og han segjer til meg: Akta deg for det! Eg er medtenar til deg og dine brør profetane og til dei som tek vare på ordi i denne boki, Gud skal du tilbeda!
  
10. Og han segjer til meg: Du skal ikkje setja innsigle på dei profetiske ordi i denne boki; for tidi er nær.
  
11. Lat den som gjer urett, gjera urett framleides, og den ureine verta urein framleides, og den ureine verta urein framleides, og den rettferdige gjera rettferd framleides, og den heilage verta helga framleides!
  
12. Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg, til å gjeva kvar og ein attergjeld etter som hans gjerning er.
  
13. Eg er Alfa og Omega, upphavet og enden, den fyrste og den siste.
  
14. Sæle er dei som tvær kjolane sine, so dei må få rett til livsens tre og koma inn i byen gjenom portane.
  
15. Men utanfor er hundane og trollmennene og horkarane og manndråparane og avgudsdyrkarane og kvar som elskar og talar lygn.
  
16. Eg, Jesus, hev sendt min engel til å vitna dette for dykk um kyrkjelydane; eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.
  
17. Og anden og bruri segjer: Kom! Og den som høyrer det, segje: Kom! Og den som er tyrst, han kome, og den som vil, han take livsens vatn for inkje!
  
18. Eg vitnar for kvar som høyrer dei profetiske ordi i denne boki: Dersom nokon legg noko til dette, so skal Gud leggja på han dei plagone som er skrivne i denne boki;
  
19. og dersom nokon tek noko burt frå ordi i denne profetiske boki, so skal Gud taka hans lut burt frå livsens tre og frå den heilage byen, som det stend skrive um i denne boki.
  
20. Han som vitnar dette, segjer: Ja, eg kjem snart. Amen, ja kom, Herre Jesus!
  
21. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES