Bible Study: FrontPage




 

Apenbaring, Chapter 4

Bible Study - Apenbaring 4 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Deretter fekk eg sjå ei dør som var opna i himmelen, og den fyrste røysti, som eg hadde høyrt liksom av ein basun, som tala med meg, sa: Stig upp her, so skal eg syna deg det som skal henda heretter!
  
2. Straks vart eg burtrykt i åndi, og sjå, ein kongsstol stod i himmelen, og det sat ein på stolen.
  
3. Og han som sat der, var sjåande til liksom jaspis og sarderstein, og det var ein regnboge rundt um stolen, å sjå til liksom ein smaragd.
  
4. Og rundt ikring stolen var det fire og tjuge stolar, og på stolane såg eg fire og tjuge eldste sitjande, klædde i kvite klæde, og dei hadde gullkrunor på hovudi sine.
  
5. Og frå stolen fer det ut eldingar og røyster og toredunar, og framfor stolen brenn sju eldkyndlar, som er dei sju Guds ånder.
  
6. Og framfor stolen er det liksom eit glashav, likt krystall, og midt for stolen og rundt um stolen er det fire levende, fulle av augo framantil og attantil.
  
7. Og den fyrste levendet er likt ei løva, og det andre levendet er likt ein ukse, og det tridje levendet hev åsyn som eit menneske, og det fjorde levendet er likt ei fljugande ørn.
  
8. Og dei fire levendi hev, kvart for seg, seks venger; rundt ikring og innantil er dei fulle av augo; og dei held ikkje upp dag eller natt med å segja: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, den allmektige, han som var og som er og som kjem!
  
9. Og når dei fire levendi gjev pris og æra og takk åt han som sit på stolen, han som lever i all æva,
  
10. so fell dei fire og tjuge eldste ned for han som sit på stolen, og tilbed han som lever i all æva, og kastar krunone sine ned for stolen og segjer:
  
11. Verdig er du, vår Herre og Gud, til å få prisen og æra og makti! for du hev skapt alle ting, og for di du so vilde, var dei til og vart dei skapte!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES