Bible Study: FrontPage




 

Romerne, Chapter 14

Bible Study - Romerne 14 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Tak dykk av den som er veik i trui, utan å setja dykk til doms yver tankane hans!
  
2. Den eine hev tru so han et alle slag, men den som er veik, et berre urter.
  
3. Den som et, må ikkje vanvyrda den som ikkje et, og den som ikkje et, må ikkje døma den som et; for Gud hev teke seg av han.
  
4. Kven er du som dømer annan manns tenar? Han stend eller fell for sin eigen herre; men han skal verta standande, for Herren hev makt til å halda han uppe.
  
5. Den eine gjer skil på dagane, den andre held alle dagar jamgode; kvar lyt vera fullviss i sin eigen hug.
  
6. Den som aktar på dagen, gjer det for Herren, og den som ikkje aktar på dagen, gjer det for Herren. Og den som et, gjer det for Herren, for han takkar Gud; og den som ikkje et, gjer det for Herren og takkar Gud.
  
7. For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv -
  
8. lever me, so lever me for Herren, og døyr me, so døyr me for Herren; anten me då lever eller døyr, høyrer me Herren til.
  
9. For det var difor Kristus døydde og atter vart levande, at han skulde vera herre både yver levande og yver daude.
  
10. Men du, kvi dømer du bror din? eller du, kvi vanvyrder du bror din? me skal då alle fram for Guds domstol.
  
11. For det stend skrive: So visst som eg lever, segjer Herren, for meg skal kvart kne bøygja seg, og kvar tunga skal prisa Gud.
  
12. So skal då kvar av oss svara for seg sjølv framfor Gud.
  
13. So lat oss då ikkje lenger døma kvarandre, men døm heller so at de ikkje skal leggja støyt eller fella for bror dykkar!
  
14. Eg veit og er viss på det i Herren Jesus at ingen ting er urein i seg sjølv; men held nokon eitkvart for ureint, so er det ureint for han.
  
15. Veld du no bror din sorg med maten din, då fer du ikkje fram med kjærleik lenger; ver ikkje med maten din årsak i at den som Kristus hev døytt for, vert fortapt!
  
16. So lat no ikkje det gode de hev, verta til spott!
  
17. For Guds rike ligg ikkje i mat og drykk, men i rettferd og fred og gleda i den Heilage Ande,
  
18. for den som i dette tener Kristus, han hev Gud hugnad i, og han tekkjest menneske.
  
19. Lat oss difor streva etter det som tener til fred og til uppbyggjing oss imillom!
  
20. Riv ikkje ned Guds verk for mat skuld! Visst er alt reint, men det er vondt for det mennesket som et med samvitsagg.
  
21. Det er godt å ikkje eta kjøt eller drikka vin eller gjera noko som bror din støyter seg på.
  
22. Du hev tru; hav henne hjå deg sjølv, for Gud! Sæl er den som ikkje dømer seg sjølv i det han vel å gjera;
  
23. men den som tvilar, han er dømd um han et, av di det ikkje er av tru han gjer det; alt som ikkje er av tru, er synd.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES