Bible Study: FrontPage




 

Romerne, Chapter 16

Bible Study - Romerne 16 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Eg vil få leggja eit godt ord inn hjå dykk for Føbe, syster vår, som er tenar i kyrkjelyden i Kenkreæ,
  
2. at de tek imot henne i Herren, som det sømer seg dei heilage, og gjeng henne til handa i alt som ho kann trenga hjelp av dykk til; for ho hev sjølv vore til hjelp for mange, ja for meg og.
  
3. Helsa Priska og Akvilas, medarbeidarane mine i Kristus Jesus!
  
4. Dei våga livet sitt for meg, og ikkje berre eg takkar dei for det, men alle kyrkjelydar av heidningane med;
  
5. helsa og kyrkjelyden som samlar seg i huset deira! Helsa min kjære Epenetus! - han var den fyrste som vart vunnen for Kristus i Asia.
  
6. Helsa Maria, som hev arbeidt so mykje for dykk!
  
7. Helsa Andronikus og Junias, frendane og medfangane mine! - dei hev eit godt namn millom apostlane og kom og til Kristus fyre meg.
  
8. Helsa Amplias, min kjære bror i Herren!
  
9. Helsa Urbanus, medarbeidaren vår i Kristus, og min kjære Stakys!
  
10. Helsa Apelles, den velrøynde i Kristus! Helsa dei som høyrer til huslyden åt Aristobulus!
  
11. Helsa Herodion, frenden min! Helsa dei av huslyden åt Narkissus som er i Herren!
  
12. Helsa Tryfena og Tryfosa! - dei hev arbeidt i Herren. Helsa den kjære Persis, som hev arbeidt mykje i Herren!
  
13. Helsa Rufus, den utvalde i Herren, og mor hans, som hev vore ei mor for meg og!
  
14. Helsa Asynkritus, Flegon, Hermes, Patrobas, Hermas, og brørne som er hjå dei!
  
15. Helsa Filologus og Julia, Nereus og syster hans og Olympas, og alle dei heilage som er hjå dei!
  
16. Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle Kristi kyrkjelydar helsar dykk.
  
17. Men eg legg dykk på hjarta, brør, at de ser dykk fyre med dei som veld usemja og slikt som kann føra til fråfall, i strid med den lærdom som de hev fenge. Gakk undan dei!
  
18. For desse folki tener ikkje vår Herre Jesus Kristus, men sin eigen buk, og med sin blide tale og sine fagre ord dårar dei hjarta åt dei godtrugne.
  
19. For ordet um lydnaden dykkar hev kome utyver til alle; difor gleder eg meg yver dykk, men eg vil gjerne at de skal vera vise til det som godt er, og reine for det som er vondt.
  
20. Men fredsens Gud skal brått krasa Satan under føtene dykkar. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!
  
21. Timoteus, medarbeidaren min, og Lukius og Jason og Sosipater, frendane mine, helsar dykk!
  
22. Eg, Tertius, som skriv dette brevet, helsar dykk i Herren.
  
23. Gaius helsar dykk, han som er vert for meg og heile kyrkjelyden. Erastus, rekneskapsføraren her i byen, helsar dykk, like eins broderen Kvartus.
  
24. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.
  
25. Men han som hev makt til å styrkja dykk etter mitt evangelium og Jesu Kristi forkynning, etter openberringi av den løyndomen som hev vore duld i ævelege tider,
  
26. men no er komen i ljoset og ved profetiske skrifter etter den ævelege Guds fyresegn kunngjord for alle folk til å verka lydnad i tru -
  
27. han, den eine vise Gud ved Jesus Kristus, skal hava æra i all æva! Amen


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES