Bible Study: FrontPage




 

Salomos Høisang, Chapter 2

Bible Study - Salomos Høisang 2 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Engblom frå Saron er eg, ei lilja frå dalane.
  
2. Ja, som ei lilja millom klunger, so er min hugnad millom møyar.
  
3. Som ein apal millom trei i skogen, so er min ven millom sveinar; i skuggen hans hev eg å hug å sitja, og frukti er søt for min gom.
  
4. Inn i vinhuset hev han ført meg, og hans merke yver meg er kjærleik.
  
5. Styrk meg med druvekakor, kveik meg med eple! For eg er sjuk av kjærleik.
  
6. Hans vinstre hand er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.
  
7. Eg naudbed dykk, Jerusalems døtter, ved rådyri eller ved hindane i marki, at de ikkje vekkjer og ikkje eggjer kjærleiken, fyrr sjølv han so vil!
  
8. Høyr, der er min ven. Sjå der, han kjem springande yver fjelli, hoppande yver haugane.
  
9. Venen min likjest eit rådyr, ein unghjort svipar han på. Sjå der, no stend han bak veggen vår; han glytter gjenom gluggen, ser inn gjenom rimane.
  
10. Min ven tek til ords og segjer til meg: Statt upp, min hugnad, du mi fagre, og kom ut!
  
11. For sjå, no er vinteren slutt, regnet hev kvorve burt;
  
12. Blomane sprett i landet, songtidi er det no, og turtelduva kurrar i vårt land;
  
13. fiketre-frukti tek til å raudna, og blomen på vintrei angar. Statt upp og kom, min hugnad, du mi fagre, å kom!
  
14. Du mi duva i bergskardi, i livd under fjellveggen! Lat meg sjå din skapnad, lat meg høyra ditt mål! For ditt mål er so blidt og din skapnad so fager.
  
15. Fanga revane for oss, dei små revane som herjar i vingardane! For no stend våre vingardar i bløming.
  
16. Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter millom liljor.
  
17. Innan dagen vert sval og skuggane flyr, kom att, min ven, lik eit rådyr eller den unge hjorten i skardute fjell.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES