Bible Study: FrontPage




 

Salomos Høisang, Chapter 4

Bible Study - Salomos Høisang 4 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Kor fager du er, min hugnad, kor fager du er! Dine augo er duvor bak sløret ditt; håret ditt er som ein geiteflokk som lægrar seg nedetter Gilead-fjellet.
  
2. Dine tenner er som ein flokk med nyklypte sauer, nett komne or lauget; tvillingar hev dei alle, og ingen av dei er utan lamb.
  
3. Dine lippor er som ei skarlaksnor, og munnen er ljuvleg; som eit granateple-brot er din tinning bak sløret ditt.
  
4. Din hals er som Davids-tårnet, bygt til våpenhus; tusund skjoldar heng på det, alle skjoldar åt kjempone.
  
5. Barmen er som tvo rådyrkalvar, tvillingar til eit rådyr, som beiter millom liljor.
  
6. Når dagen vert sval og skuggane flyr, vil eg ganga til Myrra-åsen og Røykjelses-haugen.
  
7. Alt er fagert ved deg, min hugnad, det finst ikkje lyte på deg.
  
8. Kom med meg frå Libanon, brur, kom med meg frå Libanon! Skoda ut frå Amanas tind, frå toppen av Senir og Hermon, frå løveheimar, frå panterfjell.
  
9. Du hev teke min hug, mi syster, mi brur! Du hev teke min hug med eit einaste augnekast, med ei av lekkjone um din hals.
  
10. Kor din kjærleik er fager, mi syster, mi brur! Kor mykje betre din kjærleik er enn vin, og angen av dine salvar enn alle angande urter!
  
11. Av honning dryp dine lippor, mi brur. Honning og mjølk er under di tunga, og angen av klædi dine som angen av Libanon.
  
12. Ein avstengd hage er mi syster, mi brur, ei avstengd olla, ei forsigla kjelda.
  
13. Du skyt upp som ein park av granattre med gildaste frukt, av cyperbuskor og nardeblom,
  
14. med narde og safran, kalmus og kanel og angetre av alle slag, myrra og aloëtre og alle dei beste angande urter.
  
15. Ei kjelda i hagane er du, ein brunn med levande vatn og bekker frå Libanon.
  
16. Vakna, nordanvind, og kom, du sunnanvind! Blås gjenom hagen min, so angen fær strøyma! Gjev min ven vilde koma til hagen sin og eta hans ovgilde frukt!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES