|
|
Sakarias, Chapter 1
1. I den åttande månaden i andre styringsåret åt Darius kom Herrens ord til profeten Sakarias, son åt Berekias, son åt Iddo, og det lydde so:
2. Ofseleg harm var Herren på federne dykkar.
3. Seg difor no til dei: So segjer Herren, allhers Gud: Vend um til meg, segjer Herren, allhers Gud, so skal eg venda um til dykk, segjer Herren, allhers Gud.
4. Ver ikkje like federne dykkar, som dei fyrre profetane varsla med sovorne ord: So segjer Herren, allhers Gud: Vend då um frå dei vonde vegane dykkar og dei vonde gjerningane dykkar! Men dei høyrde ikkje og vyrde meg ikkje, segjer Herren.
5. Federne dykkar, kvar er dei? Og profetane, kann dei leva til æveleg tid?
6. Men mine ord og mine rådgjerder, som eg baud profetane, tenarane mine, å forkynna, råka dei ikkje federne dykkar, so dei venda um og sa: Som Herren, allhers Gud, hadde sett seg fyre å gjera med oss etter våre vegar og våre gjerningar, so hev han gjort med oss?
7. Den fire og tjugande dagen i ellevte månaden - det er månaden sebat - i andre styringsåret åt Darius, kom Herrens ord til profeten Sakarias, son åt Berekias, son åt Iddo, og det lydde so:
8. Ei syn hadde eg um natti: Eg såg ein mann som reid på ein raud hest; han stod still millom myrtetrei i dalbotnen, og attanfor han stod raude, blakke og kvite hestar.
9. Då spurde eg: Kva er dette, herre? Og engelen som tala med meg, svara: Eg skal syna deg kva dette er.
10. Mannen millom myrtetrei tok då til ords og sa: Dette er dei som Herren hev sendt ut til å fara ikring på jordi.
11. Og dei svara Herrens engel, som stod millom myrtetrei: Me hev fare ikring på jordi, og me hev set at heile jordi kviler i fred og ro.
12. Då tok Herrens engel til ords og sa: Herre, allhers Gud! Kor lenge skal det drygja fyrr du gjer miskunn mot Jerusalem og byane i Juda, som du hev harmast på no i sytti år?
13. Herren svara då engelen som tala med meg, med gode og trøystande ord.
14. Og engelen som tala med meg, sa til meg: Dette skal du forkynna: So segjer Herren, allhers Gud: Eg er brennande ihuga for Jerusalem og Sion,
15. og ovleg vreid er eg på dei sjølvtrygge heidning-folki; for eg var berre litegrand vreid, men dei auka ulukka.
16. Difor segjer Herren so: Eg vender meg atter til Jerusalem med miskunn. Huset mitt skal verta bygt der, segjer Herren, allhers Gud, og mælesnor skal verta spana ut yver Jerusalem.
17. Framleides skal du forkynna: So segjer Herren, allhers Gud: Endå ein gong skal byane mine fløyma yver av det som godt er, endå skal Herren trøysta Sion, endå ein gong velja ut Jerusalem.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|