Bible Study: FrontPage




 

Sakarias, Chapter 10

Bible Study - Sakarias 10 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Herren må de beda um regn i tidi for vårregnet! Herren er det som skaper torever, og han sender fossande flod-skurer, so kvar mann fær grøda på si mark.
  
2. For husgudane* tala usant, og spåmennene såg falske syner. Tome draumar kom dei med, og trøysti dei gav, var inkje verd. Difor laut folket reika ikring som ein saueflokk og lida vondt, av di der ikkje var nokon hyrding.
  
3. Mot hyrdingane* er harmen min kveikt, og bukkane* vil eg heimsøkja; for Herren, allhers Gud, ser til si hjord, Judas hus, og gjer henne til stashesten sin i striden.
  
4. Frå det* skal hyrnesteinane koma, frå det naglane**, frå det stridsbogane - frå det skal kvar einaste styresmann koma.
  
5. Og dei skal vera lik kjempor som trakkar fiendane sine ned i striden nett som gateskarn; ja, strida skal dei, for Herren er med dei, og dei som rid på hestar, skal verta til skammar.
  
6. Eg vil gjera Judas hus sterkt, og Josefs hus skal eg frelsa; ja, eg fører dei atter heim; for eg vil miskunna dei, og dei skal vera liksom eg aldri hadde støytt dei burt. For eg er Herren deira Gud og skal bønhøyra dei.
  
7. Efra'ims menner skal vera lik kjempor, og hjarto deira skal gleda seg liksom av vin; borni deira skal sjå det med fagnad, deira hjarto skal frygda seg i Herren.
  
8. Eg vil blistra på dei og samla dei, for eg hev løyst dei ut; og dei skal verta likso mangmente som dei fordom var.
  
9. Eg vil så dei ut millom folki, men i landi langt burte skal dei minnast meg; og dei skal leva med borni sine og koma heim att.
  
10. Eg vil føra dei heim att frå Egyptar-land, og frå Assur skal eg samla dei; til Gilead-landet og til Libanon fører eg dei, og der skal det skorta på rom åt dei.
  
11. Han* skal draga fram gjenom havet, igjenom fårar, og slå ned bylgjone i havet, og alle djupi i Nilen skal turkast ut; Assurs byrgskap skal støytast ned, og kongsstaven skal vika frå Egyptar-land.
  
12. Men dei skal eg gjera sterke i Herren, og i hans namn skal dei ferdast, segjer Herren.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES