Bible Study: FrontPage




 

Sakarias, Chapter 13

Bible Study - Sakarias 13 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. På den dagen skal det vera ei opi kjelda for Davids hus og for Jerusalems - buane til å tvætta av synd og ureinskap.
  
2. Og på den dagen, segjer Herren, allhers Gud, skal eg rydja ut namni på avgudane or landet, so ingen meir skal minnast dei; ja, ogso profetane og den ureine åndi skal eg få ut or landet.
  
3. Og um nokon heretter gjev seg til å spå, so skal far hans og mor hans, hans eigne foreldre, segja til han: Du kann ikkje få leva, for du hev tala lygn i Herrens namn. Og far hans og mor hans, hans eigne foreldre, skal stinga han ned medan han spår.
  
4. På den dagen skal alle profetane skjemmast ved synene sine når dei vil spå, og dei skal ikkje klæda på seg ein hårkyrtel for å ljuga.
  
5. Men kvar og ein av dei skal segja: Eg er ikkje nokon profet; jorddyrkar er eg, for det var ein mann som kjøpte meg til træl då eg var berre ungguten.
  
6. Og um ein spør han: Kva er det for sår du hev i hendene dine? so kjem han til å svara: Dei hev eg fenge i huset hjå elskarane* mine.
  
7. Vakna upp, du sverd, mot hyrdingen min, mot den mannen som stend meg so nær! segjer Herren, allhers Gud. Slå hyrdingen, og sauene skal spreidast, og eg vil atter hava umsut for dei små*!
  
8. Og i heile landet, segjer Herren, skal tvo tridjepartar øydast og andast; berre ein tridjepart skal leivast der.
  
9. Og denne tridjeparten let eg ganga gjenom elden og skirer han, som ein skirer sylv, og prøver han, som ein prøver gull. Dei skal kalla på mitt namn, og eg skal bønhøyra dei; eg skal segja: Dette er mitt folk, og dei skal svara: Herren er min Gud.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES