Bible Study: FrontPage




 

Sakarias, Chapter 8

Bible Study - Sakarias 8 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og Herren, allhers Gud, sende ordet sitt, og det lydde so:
  
2. So segjer Herren, allhers Gud: Eg er ovleg ihuga for Sion, ja, med brennande harm er eg ihuga for det.
  
3. So segjer Herren: Eg vender attende til Sion og vil bu i Jerusalem, og Jerusalem skal heita "Truskapsbyen" og fjellet åt Herren, allhers Gud, "Heilagfjellet".
  
4. So segjer Herren, allhers Gud: Endå ein gong skal gamle menner og kvinnor sitja på torgi i Jerusalem, alle med stav i hand for deira alderdom skuld,
  
5. og torgi i byen skal vera fulle av gutar og gjentor som leikar seg der på torgi.
  
6. So segjer Herren, allhers Gud: Um dette kjem til å synast umogeleg for leivningen av dette folket i dei dagane, skulde det då og synast umogeleg for meg? segjer Herren, allhers Gud.
  
7. So segjer Herren, allhers Gud: Sjå, eg skal frelsa folket mitt frå dei der soli renn, og frå dei landi der ho glader,
  
8. og føra dei heim, og dei skal bu i Jerusalem og vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud i sanning og rettferd.
  
9. So segjer Herren, allhers Gud: Lat dykkar hender vera sterke, de som i denne tidi høyrer desse ordi av dei same profetane som tala på den dagen då grunnsteinen vart lagd til huset åt Herren, allhers Gud, templet som skulde byggjast upp!
  
10. For fyre den tidi hadde korkje folk eller fe løn for strevet sitt, og korkje den som gjekk ut eller den som gjekk inn, var trygg for fienden; for eg slepte alle menneske laus på kvarandre.
  
11. Men no vil eg ikkje vera som i dei framfarne tider mot dei som er att av dette folket, segjer Herren, allhers Gud.
  
12. Nei, trygt skal sædet vera: Vintreet skal gjeva si frukt og jordi si grøda, himmelen skal gjeva si dogg, og eg skal lata dei som er att av dette folket, få alt dette til eiga.
  
13. Då skal det henda: liksom de hev vore ei forbanning millom folki, både Judas hus og Israels hus, so vil eg no frelsa dykk, og de skal verta ei velsigning. Ottast ikkje! Lat dykkar hender vera sterke!
  
14. For so segjer Herren, allhers Gud: Liksom eg sette meg fyre å gjera dykk vondt då federne dykkar gjorde meg harm, og eg ikkje angra på det, segjer Herren, allhers Gud,
  
15. soleis hev eg no i desse dagane sett meg fyre å gjera vel imot Jerusalem og Judas hus. Ottast ikkje!
  
16. Dette er det de skal gjera: Tala sanning med kvarandre! Seg rettferdige domar på tinget, og domar som skaper fred!
  
17. Tenk ikkje ut vondt mot kvarandre i hjarta dykkar, og hav ikkje hug til rang eid! For alt slikt hatar eg, segjer Herren.
  
18. Og ordet frå Herren, allhers Gud, kom til meg, og det lydde so:
  
19. So segjer Herren: Fasta i den fjorde*, femte**, sjuande** og tiande*** månaden skal verta Judas hus til frygd og gleda og gilde høgtider. Men elska sanning og fred!
  
20. So segjer Herren, allhers Gud: Endå ein gong skal det verta so at heile folkeslag skal koma, ja, folk frå mange byar,
  
21. og folket i den eine byen skal fara til den andre og segja: Kom, lat oss ganga av stad og blidka Herren og søkja han, Herren, allhers Gud! Eg vil ganga, eg og.
  
22. Og då skal det koma mange folkeslag og mannsterke heidning-folk og søkja Herren, allhers Gud, i Jerusalem og blidka Herren.
  
23. So segjer Herren, allhers Gud: I dei dagane skal det henda at ti mann av alle dei tungemål som vert tala millom heidning-folki, tek fat i kjolesnippen åt ein jødisk mann og segjer: Me vil ganga med dykk; for me hev høyrt at Gud er med dykk.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES