Bible Study: FrontPage




 

Sefanias, Chapter 1

Bible Study - Sefanias 1 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Dette er Herrens ord som kom til Sefanias, son åt Kusi, son åt Gedalja, son åt Amarja, son åt Esekias, i dei dagar då Josias Amonsson var konge i Juda.
  
2. Burt, ja burt vil eg taka alt frå jordi, segjer Herren.
  
3. Eg vil taka burt menneske og dyr, taka burt fuglane i lufti og fiskane i havet og støytesteinane i lag med dei gudlause, og eg vil rydja menneski ut av jordi, segjer Herren.
  
4. Eg vil retta ut handi mot Juda, og alle dei som bur i Jerusalem, og eg vil rydja ut frå denne staden alt som er att av Ba'al, namnet åt avgudsprestane i lag med prestane,
  
5. og dei som på taki bed til himmelheren, og dei som bed til Herren og sver han truskap, men samstundes sver ved kongen sin,*
  
6. og dei som hev vendt seg burt frå Herren, og dei som ikkje hev søkt Herren og ikkje spurt etter han.
  
7. Ver still for Herren, Israels Gud! For Herrens dag er nær; Herren hev laga til ei offerslakting, han hev vigt sine gjester.
  
8. Og på Herrens offerslaktings-dag vil eg heimsøkja hovdingane og kongssønene og alle som klæder seg i utanlands-klæde.
  
9. På den dagen vil eg heimsøkja alle dei som hoppar yver dørstokken, dei som fyller sin Herres hus med vald og svik.
  
10. På den dagen, segjer Herren, skal det høyrast skrik frå Fiskeporten, jammer frå Nybyen og stort brak frå høgdene.
  
11. Jamra, de som bur i Morteren*! For heile kana'anitar-folket** er gjort til inkjes, og alle dei som bar på mengder av sylv, er utrudde.
  
12. I den same tidi vil eg ransaka Jerusalem med lykter og lykt og heimsøkja dei som ligg i ro på sin berm og segjer i sitt hjarta: Herren gjer korkje godt eller vondt.
  
13. Eigedomen deira skal verta til herfang, og husi deira leggjast øyde. Hus skal dei byggja, men ikkje bu i dei, vinhagar skal dei planta, men ikkje drikka vin frå dei.
  
14. Nær er Herrens dag, den store. Han er nær og kjem med stor hast! Høyr! Det er Herrens dag! I redsla skrik då kjempa.
  
15. Ein vreide-dag er den dagen, ein dag med naud og trengsla, ein dag med øyding og øydeleggjing, ein dag med myrker og dimma, ein dag med skyer og skodd,
  
16. ein dag med lurljom og herrop mot dei faste byer og mot dei høge murtindar.
  
17. Då vil eg gjera folk so redde at dei gjeng der som blinde, for di dei hev synda mot Herren. Blodet deira skal verta burtslengt som mold, og kjøtet deira som møk.
  
18. Korkje sylvet eller gullet deira skal kunde berga dei på Herrens vreide-dag, når elden frå hans brennhug øyder all jordi; for han vil gjera ende, ja ein brå ende på alle dei som bur på jordi.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES