Bible Study: FrontPage




 

1 Samuels, Chapter 29

Bible Study - 1 Samuels 29 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Filistarane samla alle herane sine i Afek; men Israel lægra seg innmed kjelda i Jisre'el.
  
2. Som no filistarhovdingane drog fram med flokkar på hundrad mann og på tusund mann, kom David og mennene hans og dragande; dei fylgde Akis og var attarst i ferdi.
  
3. Då sa filistarhovdingane: Kva skal desse hebrearane her? Akis svara: Ser de ikkje det er David, som fyrr gjorde hertenesta hjå Saul, Israels-kongen? No hev han vore hjå meg år og dag, og eg hev ikkje funne noko å lasta han for frå den dag han gjekk yver til meg, og til no.
  
4. Men hovdingane vart vonde på han og sa til han: Send mannen attende! Lat han fara heim att til den bygdi du hev gjeve han til bustad! Han skal ikkje draga med oss ut i striden; han kunde gjerne venda seg mot oss midt i slaget. For korleis kunde han lettare få koma seg inn att hjå herren sin enn med hovudi av hermennene våre?
  
5. Er det ikkje den same David som dei song soleis um medan dei dansa: Saul felte fiendar i tusundtal, men David i titusund-tal?
  
6. Då kalla Akis David til seg og sa til han: So visst som Herren lever: Du er ein ærleg kar, og eg vilde gjerne du skulde ganga ut og inn hjå meg i lægret; for eg hev ikkje set anna enn godt av deg alt ifrå den dag du kom til meg, og til no. Men hovdingane likar deg ikkje.
  
7. So far no heim att i fred, so du ikkje gjer noko som er filistarhovdingane imot!
  
8. David svara: Kva hev eg då gjort? Hev du havt noko å segja på meg i den tid eg hev vore i di tenesta, sidan eg ikkje må vera med og strida mot fiendane dine, herre konge?
  
9. Akis sa: Eg veit med meg sjølv at eg held deg so gjæv som du skulde vera ein Guds engel; men filistarhovdingane segjer: Han fær ikkje draga med oss ut i striden.
  
10. So ris no tidleg upp i morgon, du og mennene åt herren din som hev fylgt deg hit - gjer dykk reiduge i otta og tak i vegen so snart de ser at det ljosnar!
  
11. So reis David og mennene hans upp tidleg i otta og gav seg same dagen på vegen attende til Filistar-landet; men filistarane drog upp til Jisre'el.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES