1. I seks og trettiande året av Asas kongedømme gjorde Baesa, Israels-kongen, ei herferd mot Juda og bygde festningsverk i Rama, so ingen skulde få fara til eller frå Asa, Juda-kongen.
2. Då tok Asa noko sylv og gull ut or skattkammeri i Herrens hus og i kongsgarden og sende det til Benhadad, kongen i Syria, som budde i Damaskus, med det bodet:
3. Som du veit, er det eit samband millom meg og deg, som det var millom far min og far din. Her sender eg deg sylv og gull; brjot no sambandet du hev med Baesa, Israels-kongen, so han lyt hava seg burt ifrå meg!
4. Benhadad gjorde som kong Asa bad han; han sende herhovdingane mot Israels-byane, og dei hertok Ijon og Dan og Abel-Ma'im og alle upplagshusi i Naftali-byane.
5. Då Baesa fekk bod um det, heldt han upp med å byggja festningsverk i Rama og la ned dette arbeidet.
6. Men kong Asa tok heile Juda med seg, og dei førde burt steinane og timberet som Baesa hadde nytta til festningsarbeidet i Rama; med det bygde han Geba og Mispa um til festningar.
7. Ved det leitet kom Hanani, sjåaren, til Asa, Juda-kongen, og sa til han: For di du sette lit til syrarkongen og ikkje til Herren din Gud, difor hev heren åt syrarkongen sloppe or hendene dine.
8. Var ikkje etiopane og libyarane og ein stor her med stridsvogner og hestfolk i mengdevis? Men for di du den gongen sette lit til Herren, gav han dei i ditt vald.
9. For Herrens augo fer utyver all jordi, so han med si makt kann stydja dei som hev hjarta sitt heilt med han. Du hev fare uvitugt åt i dette; for heretter kjem du til å hava ufred stødt.
10. Då vart Asa harm på sjåaren og sette han i fangehuset - so vond var han på han for dette. På same tid for han og hardt fram mot andre av folket.
11. Det som er å fortelja um Asa, frå fyrst til sist, det stend skrive i boki um kongane i Israel og Juda.
12. I ni og trettiande året av kongedømet vart Asa sjuk i føtene, og sjukdomen hans vart verre og verre. Men endå han var so sjuk, søkte han ikkje Herren, men berre lækjarane.
13. So for Asa til federne og døydde i ein og fyrtiande året av kongedømet sitt.
14. Dei sette han ned i hans eige gravrom, som han hadde late hogga ut åt seg i Davids-staden, og la han på ei lega; den hadde dei fyllt med ymse slag kryddor, som var blanda i hop på same vis som dei gjer det dei som lagar salvar. So kveikte dei ein ovstor eld til æra for han.
|