Bible Study: FrontPage




 

2 Krønikebok, Chapter 17

Bible Study - 2 Krønikebok 17 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Josafat, son hans, vart konge etter han. Han freista å styrkja makti si mot Israel
  
2. og la herfolk i alle dei faste byane i Juda-riket og sette ut vaktpostar både i Juda-landet og i dei byane i Efra'im som Asa, far hans, hadde vunne.
  
3. Herren var med Josafat, for di han ferdast etter dei vegane som David, ættefaren hans, hadde fylgt i si fyrste tid, og ikkje søkte til Ba'alane,
  
4. men søkte til Gud åt far sin og heldt seg etter bodi hans og ikkje for åt som dei gjorde i Israelsriket.
  
5. Difor trygde Herren kongedømet i hans hand, og heile Juda-folket kom med gåvor til Josafat, so han fekk stor rikdom og æra.
  
6. Og medan han heldt fram etter Herrens vegar, auka modet hans, so han endå fekk burt offerhaugane og Astarte-bileti i Juda.
  
7. I det tridje året av kongedømet sitt sende han nokre av hovdingane sine av stad til å læra folket i Juda-byane; det var Benha'il og Obadja og Sakarja og Netanel og Mikaja
  
8. og saman med dei desse levitane: Semaja og Netanja og Sebadja og Asael og Semiramot og Jonatan og Adonja og Tobia og Tob-Adonja og med dei prestane Elisama og Joram.
  
9. Dei lærde no i Juda-landet og hadde Herrens lovbok med seg; dei for ikring i alle Juda-byane og lærde folket.
  
10. Då kom det otte frå Herren yver alle riki i dei landi som låg rundt ikring Juda, so dei ikkje torde yppa strid med Josafat.
  
11. Nokre av filistarane kom åt Josafat med gåvor og med sylv som dei gav i skatt; arabarane og kom til han og hadde med seg småfe, sju tusund og sju hundrad verar og sju tusund sju hundrad bukkar.
  
12. Soleis auka Josafats velde stødt, og han bygde borger og upplagsbyar i Juda-landet.
  
13. Han hadde mykje gods liggjande i Juda-byane og stridsdjerve herfolk i Jerusalem.
  
14. Dei skal me no rekna upp etter ættgreinene deira: Av Juda-ætti var desse hovdingar yver tusund mann: herhovdingen Adna med tri hundrad tusund djerve stridsmenner
  
15. og jamsides han herhovdingen Johanan med tvo hundrad og åtti tusund
  
16. og jamsides han Amasja Sikrison, som av si eigi råd hadde bode seg fram til Herrens tenesta; med han var tvo hundrad tusund djerve stridsmenner.
  
17. Av Benjamins-ætti var det Eljada, ei djerv kjempa, med tvo hundrad tusund mann som var væpna med boge og skjold,
  
18. og jamsides han Josabad med hundrad og åtti tusund herbudde menner.
  
19. Dette var dei som gjekk kongen til handa, umfram det herfolket som kongen hadde lagt i dei faste byane i heile Juda-riket.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES