Bible Study: FrontPage




 

2 Korintierne, Chapter 4

Bible Study - 2 Korintierne 4 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Difor, då me hev denne tenesta, etter som me hev fenge miskunn, so misser me ikkje modet,
  
2. men me hev avsagt alle skamlege løynvegar og gjeng ikkje fram med svikråd eller forfalskar Guds ord, men ved å kunngjera sanningi steller me oss fram for alle manns samvit for Guds åsyn.
  
3. Er då enn vårt evangelium dult, so er det dult millom dei som vert fortapte;
  
4. for denne verdsens gud hev blinda hugen åt dei vantruande, so ljoset frå evangeliet um Kristi herlegdom, han som er Guds bilete, ikkje skal skina for dei.
  
5. For me forkynner ikkje oss sjølve, me forkynner Kristus Jesus som Herre, men oss som dykkar tenarar for Jesu skuld.
  
6. For Gud, som sa at ljos skulde skina fram or myrkret, han er den som og let det skina i våre hjarto, so kunnskapen um Guds herlegdom i Jesu Kristi åsyn skulde lysa fram frå oss.
  
7. Men me hev denne skatten i leirkjerald, so den rike krafti skal vera av Gud og ikkje av oss,
  
8. med di me stødt er i trengsla, men ikkje i stengsla, tvilande, men ikkje mistvilande,
  
9. forfylgde, men ikkje uppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte -
  
10. alltid berande Jesu daude med oss i lekamen, so og Jesu liv må verta openberra i vår lekam.
  
11. For endå medan me lever, vert me allstødt yvergjevne til dauden for Jesu skuld, so og Jesu liv må verta openberra i vårt døyelege kjøt.
  
12. Soleis er då dauden verksam i oss, men livet i dykk.
  
13. Men etter di me hev den same Ande med trui - etter det som stend skrive: Eg trudde, difor tala eg - so trur me og, difor talar me og,
  
14. for me veit at han som vekte upp Herren Jesus, skal og vekkja oss upp med Jesus og stella oss fram saman med dykk.
  
15. For det hender alt for dykkar skuld, so nåden kann nå til so mange fleire og verka rikleg takk til Guds æra.
  
16. Difor misser me ikkje modet, men um og vårt ytre menneske gjeng til grunns, so vert då det indre uppnya dag etter dag.
  
17. For vår trengsla, som er kortvarande og lett, verkar for oss ei æveleg nøgd av herlegdom i yvermål på yvermål,
  
18. med di me ikkje fester oss ved det synlege, men ved det usynlege; for det synlege er timeleg, men det usynlege æveleg.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES