Bible Study: FrontPage




 

2 Korintierne, Chapter 5

Bible Study - 2 Korintierne 5 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. For me veit at um vår lekams jordiske hus vert nedrive, so hev me ein bygnad av Gud, eit hus som ikkje er gjort med hender, æveleg i himmelen.
  
2. For ogso medan me er i dette huset, sukkar me, av di me stundar etter å verta yverklædde med vårt hus frå himmelen,
  
3. so sant me skal verta funne påklædde, ikkje nakne.
  
4. For me som er i denne hytta, sukkar under byrdi, av di me ikkje vil verta avklædde, men yverklædde, so det døyelege kann verta gløypt av livet.
  
5. Men den som laga oss just til dette, er Gud, som og gav oss Anden til pant.
  
6. Difor er me alltid frimodige og veit at so lenge me er heime i lekamen, er me burte frå Herren;
  
7. for me ferdast i tru, ikkje i syn.
  
8. Me er då frimodige og vil heller flytja burt frå lekamen og koma heim til Herren.
  
9. Difor, anten me er heime eller burte, set me vår æra i å vera han til hugnad.
  
10. For me skal alle verta openberra for Kristi domstol, so kvar kann få att det som er verka ved lekamen, etter det han hev gjort, anten godt eller vondt.
  
11. Etter di me soleis kjenner otten for Herren, prøver me å vinna menneske, men for Gud er me openberre; eg vonar og å vera openberr for dykkar samvit.
  
12. Ikkje gjev me oss sjølve atter lovord for dykk, men me gjev dykk høve til å rosa dykk av oss, so de kann hava noko å setja imot dei som rosar seg av det dei er i det ytre og ikkje i hjarta.
  
13. For um me er frå vitet, so er det for Gud, og um me er med sans og samling, so er det for dykk.
  
14. For Kristi kjærleik tvingar oss,
  
15. Med di me hev gjort upp med oss sjølve at ein døydde for alle, difor hev dei alle døytt; og han døydde for alle, so dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod upp att for dei.
  
16. Difor kjenner me heretter ikkje nokon etter kjøtet; um me og hev kjent Kristus etter kjøtet, so kjenner me han no ikkje lenger soleis.
  
17. Difor, um nokon er i Kristus, so er han ein ny skapning; det gamle hev forgjengest, sjå, alt hev vorte nytt!
  
18. Men alt dette er av Gud, som forlikte oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forliks-tenesta,
  
19. for di Gud i Kristus forlikte verdi med seg sjølv, so han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira og hev lagt forliks-ordet ned i oss.
  
20. So er me då sendebod i staden for Kristus, liksom Gud sjølv gav fyreteljing gjenom oss; me bed i staden for Kristus: Lat dykk forlika med Gud!
  
21. Den som ikkje visste av synd, hev han gjort til synd for oss, so me skal verta rettferdige for Gud i han.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES