Bible Study: FrontPage




 

2 Korintierne, Chapter 6

Bible Study - 2 Korintierne 6 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Men som medarbeidarar legg me dykk og på hjarta at de ikkje til unyttes må taka imot Guds nåde.
  
2. For han segjer: I den tid som meg tektest, bønhøyrde eg deg, og på frelse-dagen hjelpte eg deg. Sjå, no er det tid som tekkjest vel, sjå, no er det frelse-dagen!
  
3. Og me gjev ikkje meinstøyt i nokon ting, so ikkje tenesta skal verta lasta,
  
4. men i alt viser me oss som Guds tenarar: ved stort tolmod i trengslor, i naud, i hugverk,
  
5. under slag, i fengsel, i upprør, i strengt arbeid, i vaking, i fasta;
  
6. ved reinleik, ved skynsemd, ved langmod, ved godleik, ved den Heilage Ande, ved uskrymta kjærleik,
  
7. med sannings ord, med Guds kraft, med rettferds våpen på høgre og vinstre sida;
  
8. i æra og vanæra, med lastord og lovord, som villførande og endå sannferdige,
  
9. som ukjende og endå velkjende, som døyande, og sjå, me lever! som dei som vert refste, men ikkje ihelslegne,
  
10. som syrgjande, men alltid glade, som fatige, som like vel gjer mange rike, som dei som inkje hev og endå eig alt.
  
11. Vår munn er upplaten mot dykk, korintarar, vårt hjarta hev vidka seg ut.
  
12. De hev ikkje trongt rom hjå oss, men det er trongt i dykkar hjarto.
  
13. Men til likt vederlag - eg talar som til born -: vidka de og ut dykkar hjarto!
  
14. Gakk ikkje i framandt åk med vantruande! For kva samlag hev rettferd med urett? eller kva samfund hev ljos med myrker?
  
15. Og kva samklang er det millom Kristus og Belial? eller kva lut hev ein truande med ein vantruande?
  
16. Og kva semja hev Guds tempel med avgudar? For me er den levande Guds tempel, som Gud sa: Eg vil bu og ferdast millom dei, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
  
17. Difor, gakk ut frå dei og skil dykk frå dei, segjer Herren, og rør ikkje noko ureint, so skal eg taka imot dykk,
  
18. og eg skal vera ein far for dykk, og de skal vera mine søner og døtter, segjer Herren, den Allmektige.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES