Bible Study: FrontPage




 

2 Samuel, Chapter 21

Bible Study - 2 Samuel 21 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. I Davids dagar kom det ein gong tri store uår etter kvarandre. Då vende David seg til Herren og spurde han åt, og Herren svara: Det tyngjer ei blodskuld på Saul og huset hans, for di han tok livet av Gibeons-mennene.
  
2. So kalla kongen Gibeons-mennene til seg og tala med dei. Gibeons-mennene høyrde ikkje til Israels-borni, men til dei amoritane som sat att i landet; Israels-borni hadde svore dei trygd, men Saul freista å hogga dei ned, ihuga som han var for saki åt Israels- og Juda-borni.
  
3. David sa til Gibeons-mennene: Kva kann eg gjera for dykk, og korleis kann eg sona det som er gjort, so de vil velsigna Herrens eigedom?
  
4. Gibeonitane svara: Me krev ikkje sylv eller gull av Saul og ætti hans, og me hev ikkje rett til å taka livet av nokon mann i Israel. Kongen svara: Det de krev, skal eg gjera for dykk?
  
5. Dei svara: Den mannen som øydde oss og hadde sett seg fyre å rydja oss ut, so det ikkje skulde finnast att nokon av oss i heile Israels-riket -
  
6. av hans etterkomarar vil me gjerne få sju mann; dei vil me leggja på stegl for Herren i Gibea, der som Saul, Herrens utvalde, åtte heime. Kongen sa: De skal få dei.
  
7. Kongen sparte Mefiboset, son åt Jonatan Saulsson, for den eiden skuld som dei - David og Jonatan Saulsson - hadde svore einannan ved Herren.
  
8. Men dei tvo sønene som Saul hadde fenge med Rispa Ajasdotter - Armoni og Mefiboset heitte dei - og dei fem sønene som Mikal* Saulsdotter hadde med Adriel Barsillaison frå Mehola, dei tok kongen
  
9. og gav dei i hendene på gibeonitane, og dei la dei på stegl på fjellet for Herrens åsyn. Soleis kom dei av dage alle sju på ein gong. Det var i dei fyrste dagane av skurdonni, fyrstundes i byggskurden, dei let livet.
  
10. Rispa Ajasdotter tok syrgjebunaden sin og breidde ut under seg på berget; soleis låg ho frå fyrstundes i byggskurden alt til det strøymde vatn ned på dei frå himmelen*, og ho let ikkje fuglane i lufti setja seg på dei um dagen og ikkje villdyri på marki koma nær dei um dagen.
  
11. Då David fekk vita kva Rispa Ajasdotter, fylgjekona åt Saul, hadde gjort,
  
12. drog han i veg og henta beini etter Saul og Jonatan, son hans; dei låg hjå Jabes-buane i Gilead, som i løynd hadde teke liki burt frå torget i Betsan; der hadde filistarane hengt dei upp då dei hadde slege Saul på Gilboa.
  
13. Då David hadde henta beini av Saul og Jonatan derifrå, sanka dei i hop beini åt dei som var lagde på stegl,
  
14. og dei jorda beini åt Saul og Jonatan i Sela i Benjamins-landet, i gravi åt Kis, far hans. Dei gjorde alt som kongen hadde sagt dei fyre. Då høyrde Gud bønene som steig upp frå landet.
  
15. Ein gong som det vart ufred att millom filistarane og Israel, drog David ned med mennene sine, og dei slost med filistarane. David vart trøytt,
  
16. og Jisbo-Benob, ein av etterkomarane etter Rafa - spjotet hans var av kopar og vog tri hundrad sekel, og kring livet hadde han bunde eit nytt sverd - han tenkte han skulde fella David.
  
17. Men Abisai Serujason kom og hjelpte han og slo filistarane i hel. Då sa Davids menner til han med ein eid: Du skal ikkje oftare draga med oss ut i striden - du skal sløkkja ikkje Israels lampa.
  
18. Sidan bar det so til at det vart ein ny strid med filistarane, ved Gob, og Sibbekai av Husa-ætti slo i hel Saf, som og var ein av etterkomarane etter Rafa.
  
19. Endå ein gong stod det eit slag med filistarane ved Gob; då var det Elhanan, son åt Ja'are-Orgim, frå Betlehem slo i hel Goliat frå Gat, han som hadde eit spjot med eit skaft som stor-réven på ein vev.
  
20. So vart det eit slag att ved Gat. Der var det ein kjempekar som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot - i alt fire og tjuge fingrar og tær; han og var ætta frå Rafa.
  
21. Han hædde Israel; men Jonatan, son åt Simea, som var bror åt David, slo han i hel.
  
22. Alle desse fire var ætta frå Rafa i Gat; men David og mennene hans felte dei.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES