Bible Study: FrontPage




 

2 Timoteus, Chapter 1

Bible Study - 2 Timoteus 1 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Paulus, ved Guds vilje Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden um livet i Kristus Jesus
  
2. - til Timoteus, min kjære son: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!
  
3. Eg takkar Gud, som eg alt frå forfederne tener med eit reint samvit, liksom eg uavlatande kjem deg i hug i mine bøner natt og dag,
  
4. og når eg minnest tårone dine, lengtar eg etter å sjå deg, so eg kann verta fyllt med gleda,
  
5. etter di eg hev vorte mint um den skrymtlause trui som er i deg, Denne som fyrst budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og som eg er viss på ho bur i deg og.
  
6. Difor minner eg deg um og kveikja upp att den Guds nådegåva som er i deg ved mi handpåleggjing.
  
7. For Gud gav oss ikkje ei ånd som verkar modløysa, men ei som verkar kraft og kjærleik og tukt.
  
8. Skjemmast difor ikkje ved vår Herres vitnemål eller ved meg, hans fange, men lid vondt med meg for evangeliet i Guds kraft,
  
9. han som frelste oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje etter våre gjerningar, men etter si eigi rådgjerd og den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå ævelege tider,
  
10. men no er openberra ved vår frelsar Jesu Kristi openberring, han som gjorde dauden til inkjes og førde liv og uforgjengelegdom fram for ljoset ved evangeliet;
  
11. og for det er eg sett til forkynnar og apostel og lærar for heidningar.
  
12. Difor lid eg og dette, men eg skjemmest ikkje ved det; for eg veit kven eg hev sett mi tru til, og eg er viss på at han er mektig til å taka vare på det som er yvergjeve til meg, til hin dagen.
  
13. Hav til fyredøme dei heilsame ordi som du høyrde av meg, i tru og kjærleik i Kristus Jesus!
  
14. Tak vare på den fagre skatten som er yvergjeven til deg, ved den Heilage Ande, som bur i oss!
  
15. Du veit dette at alle dei i Asia vende seg frå meg, og millom dei er Fygelus og Hermogenes.
  
16. Herren vise miskunn mot Onesiforus' hus! for han hugga meg ofte og skjemdest ikkje ved lekkjone mine;
  
17. men då han var komen til Rom, leita han med stor umak etter meg og fann meg.
  
18. Herren gjeve at han må finna miskunn hjå Herren på hin dagen! Og kor mykje han var til tenesta i Efesus, det veit du sjølv best.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES