Bible Study: FrontPage




 

2 Timoteus, Chapter 2

Bible Study - 2 Timoteus 2 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. So vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus!
  
2. Og det som du hev høyrt av meg i nærvære av mange vitne, yvergjev det til trufaste menneske som er duglege til ogso å læra andre!
  
3. Lid vondt med meg som ein god Kristi Jesu stridsmann!
  
4. Ingen som gjer hertenesta, fløkjer seg inn i livsens syslor, for han vil tekkjast herføraren.
  
5. Like eins, um ein strider i tevling, so fær han då ikkje kransen um han ikkje strider retteleg.
  
6. Bonden som arbeider, skal fyrst njota fruktene.
  
7. Skyna det som eg segjer! for Herren skal gjeva deg skyn på alt.
  
8. Kom Jesus Kristus i hug, som hev stade upp frå dei daude, av Davids ætt, etter mitt evangelium,
  
9. det som eg lid vondt for like til dette å vera bunden som ein illgjerdsmann; men Guds ord er ikkje bunde.
  
10. Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, so dei og skal vinna frelsa i Kristus Jesus med æveleg herlegdom.
  
11. Det er eit truverdigt ord; for hev me døytt med han, skal me og leva med han;
  
12. held me ut, skal me og styra med han; forneittar me, skal han og forneitta oss;
  
13. er me utrue, so er han trufast; for han kann ikkje forneitta seg sjølv.
  
14. Minn um dette, med di du vitnar for Herrens åsyn at dei ikkje må liggja i ordstrid, som ikkje er til noko gagn, men til undergang for dei som høyrer på.
  
15. Legg vinn på å kunna stiga fram for Gud som ein som held prøva, ein arbeidar som ikkje tarv skjemmast, med di du lærer sanningsordet retteleg.
  
16. Men haldt deg frå det vanheilage tome svallet! for dei gjeng alltid lenger i gudløysa,
  
17. og ordi deira kjem til å eta um seg som daudkjøt. Millom dei er Hymeneus og Filetus,
  
18. som hev fare vilt frå sanningi, med di dei segjer at uppstoda alt hev vore, og dei riv ned trui hjå sume.
  
19. Men Guds faste grunnvoll stend og hev dette innsiglet: Herren kjenner sine, og: Kvar den som nemner Herrens namn, skal venda seg frå urettferd.
  
20. Men i eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sylv, men og av tre og leir, og nokre til æra, andre til vanæra.
  
21. Um nokon då held seg rein frå desse, so skal han vera eit kjerald til æra, helga, nytleg for husbonden, tilreidt til all god gjerning.
  
22. Men fly frå dei ungdomslege lyster, og jaga etter rettferd, tru, kjærleik, fred med dei som kallar på Herren av eit reint hjarta!
  
23. Og vis frå deg dei dårlege og fåvise stridsspursmål, for du veit at dei skaper strid!
  
24. Men ein Herrens tenar må ikkje strida, men vera mild imot alle, dugleg til å læra frå seg, viljug til å tola vondt,
  
25. so han med spaklynde tuktar dei som segjer imot, um Gud då ein gong vilde gjeva dei umvending, so dei kunde kjenna sanningi
  
26. og vakna upp att or ruset i djevelens snara, han som dei er fanga av, so dei må gjera hans vilje.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES