Bible Study: FrontPage




 

Amos, Chapter 1

Bible Study - Amos 1 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Dei ordi som Amos, ein av hyrdingane frå Tekoa, fekk i sine syner um Israel i dei dagane då Ussias var konge i Juda og Jeroboam Joasson konge i Israel, tvo år fyre jordskjelven.
  
2. Han sa: Herren skal bura frå Sion og lata røysti si ljoma frå Jerusalem; då skal hyrding-lidene syrgja, og Karmels topp verta svidd.
  
3. So segjer Herren: For tri misgjerningar av Damaskus, ja for fire tek eg det* 'kje att - for di dei treskte Gilead med sledar av jarn**;
  
4. men eg sender eld mot Hasaels hus, han skal øyda slotti åt Benhadad;
  
5. so bryt eg sund portbommen åt Damaskus og ryd ut dei som bur i Aven-dalen, og han som ber kongsstav, i Bet-Eden; og Syria-folket skal førast til Kir, segjer Herren.
  
6. So segjer Herren: For tri misgjerningar av Gasa, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei førde alt folket burt og gav dei i Edoms vald;
  
7. men eg sender eld mot Gasas murar, han skal øyda slotti der;
  
8. so ryd eg ut dei som bur i Asdod, og han som ber kongsstav, i Askalon; eg vender mi hand mot Ekron, og den siste filistar skal verta tynt, segjer Herren, Israels Gud.
  
9. So segjer Herren: For tri misgjerningar av Tyrus, ja for fire tek eg det 'kje att - for dei gav alt det burtførde folket i Edoms vald og ikkje kom i hug si brorpakt;
  
10. men eg sender eld mot Tyrus-muren, han skal øyda slotti der.
  
11. So segjer Herren: For tri misgjerningar av Edom, ja for fire tek eg det 'kje att - for di han elte bror sin med sverd og kjøvde sin samhug, og stødt let sin vreide rasa og alltid heldt på sin harm;
  
12. men eg sender eld imot Teman, han skal øyda slotti i Bosra.
  
13. So segjer Herren: For tri misgjerningar av Ammons-borni, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei riste upp barnkonor i Gilead då dei vilde auka sitt land;
  
14. men eg kveikjer eld i Rabbas mur, han skal øyda slotti der, medan herropet ljomar på ufredsdagen, og stormen rasar på hardversdagen;
  
15. i utlægd lyt kongen deira fara, både han og hovdingane hans, segjer Herren.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES