1. So segjer Herren: For tri misgjerningar av Moab, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei brende beini åt Edom-kongen til kalk;
2. men eg sender eld imot Moab, han skal øyda slotti i Kerijot; og i her-gny skal Moab døy, medan herrop og lurljom skrell;
3. eg ryd domaren ut or landet deira, og alle hovdingar der skal eg drepa med han, segjer Herren.
4. So segjer Herren: For tri misgjerningar av Juda, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei vanvyrde Herrens lov og heldt ikkje bodi hans, men let seg dåra av lygngudane sine, som federne fyrr hadde fylgt;
5. men eg sender eld imot Juda, han skal øyda Jerusalems slott.
6. So segjer Herren: For tri misgjerningar av Israel, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei sel skuldlaus mann for pengar og den fatige for eit par skor,
7. dei som helst vil sjå mold på ein stakkars hovud og rengjer retten for spaklyndte folk. Son og far gjeng til same gjenta, til vanhelging for mitt heilage namn.
8. På pantsette klæde ligg dei attmed kvart altar, og vin som dei hev teke i bøter, drikk dei i huset åt sin Gud.
9. Og det var då eg som rudde ut amoritane for dei, dei som var høge som sedertre og sterke som eiker, og eg tynte frukti deira ovantil og røtene nedantil;
10. det var eg som førde dykk upp frå Egyptar-land og leidde dykk fram i øydemarki i fyrti år, so de skulde taka Amoritar-landet;
11. eg vekte profetar bland sønene dykkar, nasirearar bland dykkar ungdomar. Er det ikkje so, de Israels-born? segjer Herren.
12. Men de fekk nasirearane til å drikka vin, og profetane forbaud de å tala profetord.
13. Sjå, no skal eg tyngja dykk ned, som ei full-lest kornvogn tyngjer allting ned;
14. den snøgge skal ikkje finna livd, og den sterke ikkje få bruka si makt, og kjempa skal ikkje berga sitt liv;
15. bogeskyttaren stend seg ikkje, den lettføtte skal ikkje berga sitt liv, og ikkje ridaren på hesten sin;
16. den djervaste bland kjempone lyt røma naken den dagen, segjer Herren.
|