Bible Study: FrontPage




 

Amos, Chapter 3

Bible Study - Amos 3 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Høyr dette ordet som Herren hev tala imot dykk, de Israels-born, mot heile den ætti som eg hev ført upp frå Egyptar-landet:
  
2. Einast dykk vilde eg kjennast ved av alle ætter på jordi; difor vil eg heimsøkja dykk for alle misgjerningane dykkar.
  
3. Tru tvo gjeng i lag utan dei vart samde um det?
  
4. Tru løva burar i skogen utan ho hev funne eit rov? Let ungløva høyra sitt mål frå hiet utan ho hev veidt eitkvart?
  
5. Tru fuglen fell i snara på marki utan at snara er sett for han? Sprett snara upp frå marki, tru, utan at noko sit fast?
  
6. Eller ljomar vel luren i ein by utan at folket fær støkk? Eller hender ei ulukka i ein by utan at Herren hev gjort det?
  
7. For Herren, Israels Gud, gjer ingen ting utan at han hev forkynt si løynråd for tenarane sine, profetane.
  
8. Når løva burar, kven lyt ikkje reddast då? Når han talar Herren, Israels Gud, kven lyt ikkje då tala profetord?
  
9. Ropa ut i slotti i Asdod og i slotti i Egyptar-land, seg: Samla dykk på Samaria-fjelli og sjå for ei uro der er, og for valdsverk som råder der!
  
10. Dei veit ikkje å gjera det som rett er, segjer Herren, dei som haugar upp valdsverk og tjon i slotti sine.
  
11. Difor, so segjer Herren, Israels Gud: Fiendar skal koma og kringsetja landet. Dei skal støyta ned borgi di, so du misser di vern, og slotti dine skal verta plundra.
  
12. So segjer Herren: Som hyrdingen bergar or løvegapet tvo leggbein eller ein øyrelapp, so skal Israels born verta berga, dei som sit i Samaria i sofakråi og på putor av damask.
  
13. Høyr og vitna mot Jakobs hus, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud:
  
14. Den dagen eg heimsøkjer Israel for deira misgjerningar, då vil eg heimsøkja Betels altar, so altarhorni vert avhogne og fell til jordi;
  
15. både vinterhus og sumarhus vil eg slå ned, og filsbeinhusi skal siga i røys, og mange hus skal verta øydde, segjer Herren.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES