Bible Study: FrontPage




 

Efeserne, Chapter 2

Bible Study - Efeserne 2 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Dykk og hev han gjort levande, de som var daude ved dykkar misgjerningar og synder,
  
2. som de fordom ferdast i etter tidarfaret i denne verdi, etter hovdingen yver maktene i lufti, den åndi som no verkar i borni åt vantrui,
  
3. og millom dei ferdast og me alle fordom i vårt kjøts lyster, med di me gjorde det som kjøtet og tankane vilde, og var av naturi vreidens born liksom dei andre.
  
4. Men Gud, som er rik på miskunn, hev for sin store kjærleik skuld som han elska oss med,
  
5. gjort oss levande med Kristus, endå me var daude ved våre misgjerningar - av nåde er de frelste -
  
6. og vekt oss upp med han og sett oss med han i himmelen, i Kristus Jesus,
  
7. so han i dei komande tider kunde visa den ovstore rikdomen av sin nåde ved godleik imot oss i Kristus Jesus.
  
8. For av nåde er de frelste, ved tru, og det ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåva,
  
9. ikkje av gjerningar, so ikkje nokon skal rosa seg.
  
10. For me er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar, som Gud fyreåt emna til, so me skulde ferdast i dei.
  
11. Kom difor i hug at de som fordom var heidningar i kjøtet og var kalla u-umskorne av det dei kallar umskjering, den på kjøtet, som vert gjord med handi,
  
12. at de på den tid var utan Kristus, utestengde frå Israels borgarrett og framande for paktene med deira lovnad, utan von og utan Gud i verdi;
  
13. men no, i Kristus Jesus, er de som fordom var langt burte, komne nær til ved Kristi blod.
  
14. For han er vår fred, han som gjorde dei tvo til eitt og braut ned det gjerdet som var skilveggen, fiendskapen,
  
15. då han ved sitt kjøt avlyste den lovi som kom med bod og fyresegner, so han ved seg sjølv kunde skapa dei tvo til eitt nytt menneske, med di han gjorde fred,
  
16. og forlika dei båe tvo i ein lekam med Gud ved krossen, då han på den slo fiendskapen i hel.
  
17. Og han kom og forkynte fred for dykk som var langt burte, og fred for dei som var nær;
  
18. for ved han hev me båe tvo tilgjenge til Faderen i ein Ande.
  
19. So er de no ikkje lenger framande og utlendingar, men medborgarar med dei heilage og Guds husfolk,
  
20. de som er uppbygde på apostel- og profet-grunnvollen, medan hyrnesteinen er Kristus Jesus sjølv,
  
21. som kvar bygning vert samanbunden ved og veks upp til eit heilagt tempel i Herren.
  
22. I han vert de og uppbygde med dei andre til ein Guds bustad i Anden.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES