Bible Study: FrontPage




 

Efeserne, Chapter 3

Bible Study - Efeserne 3 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. For den skuld bøygjer eg mine kne, eg, Paulus, Kristi Jesu fange for dykkar skuld, de heidningar -
  
2. um de elles hev høyrt um hushaldet med den Guds nåde som er meg gjeven for dykk,
  
3. at han ved openberring kunngjorde meg løyndomen, so som eg ovanfor hev skrive med få ord.
  
4. Når de les det, kann de av det sjå mitt skyn på Kristi løyndom,
  
5. som i forne tidebolkar ikkje hev vorte kunngjord for manneborni soleis som han no er openberra for hans heilage apostlar og profetar ved Anden:
  
6. at heidningane er medervingar og høyrer med til lekamen og hev lut med i lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet,
  
7. det som eg vart tenar for etter den gåva av Guds nåde som eg hev fenge ved verknaden av hans makt.
  
8. Meg, den aller ringaste av alle dei heilage, vart denne nåden gjeven å forkynna heidningane evangeliet um Kristi uransakelege rikdom,
  
9. og upplysa alle um korleis hushaldet er med den løyndomen som frå ævelege tider hev vore løynd i Gud, som hev skapt alle ting;
  
10. for Gud vilde at hans mangfaldige visdom no gjenom kyrkja skulde verta kunngjord for maktene og herredømi i himmelen,
  
11. etter det forset frå ævelege tider som han fullførde i Kristus Jesus, vår Herre,
  
12. han som me hev fritt mod ved og tilgjenge med tillit ved trui på han.
  
13. Difor bed eg at de ikkje må tapa modet ved dei trengslone eg lid for dykk, og som er dykkar æra. -
  
14. For den skuld bøygjer eg mine kne for Faderen,
  
15. som er den rette far for alt som heiter barn i himmelen og på jordi,
  
16. at han etter rikdomen av sin herlegdom må gjeva dykk å verta styrkte med kraft ved hans Ande i dykkar indre menneske,
  
17. at Kristus må bu ved trui i dykkar hjarto,
  
18. so de, rotfeste og grunnfeste i kjærleik, må maktast å fata med alle dei heilage kva breidd og lengd og dypt og høgd det er,
  
19. og kjenna Kristi kjærleik, som gjeng yver all kunnskap, so de kann verta fyllte til all Guds fylla.
  
20. Men honom som kann gjera meir enn alt, ovlangt yver det som me bed um eller skynar, etter den kraft som er verksam i oss,
  
21. honom vera æra i kyrkja og i Kristus Jesus gjenom alle ætter i alle ævor! Amen.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES