Bible Study: FrontPage




 

2 Mosebok, Chapter 19

Bible Study - 2 Mosebok 19 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Trimånadsdagen etter Israels-borni hadde fare frå Egyptar-land, kom dei til Sinai-øydemarki.
  
2. Dei tok ut frå Refidim og kom til Sinai-øydemarki, og der lægra Israel seg i villmarki midt for fjellet.
  
3. So steig Moses upp til Gud, og Herren ropa til han frå fjellet og sa: Dette skal du segja til Jakobs-ætti og gjera kunnigt for Israels-borni:
  
4. De hev set kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevenger og bar dykk hit til meg.
  
5. Vil de no lyda vel etter ordi mine og halda pakti mi, so skal de vera min eigedom framum alle andre folk; for heile jordi er mi.
  
6. Og de skal vera meg eit kongerike av prestar og eit heilagt folk. Desse ordi skal du tala til Israels-borni.
  
7. Då Moses kom att, kalla han i hop dei øvste av folket og bar fram det bodet som Herren hadde sendt han med.
  
8. Då svara folket alle som ein: Alt det Herren hev sagt, skal me gjera. Og Moses bar svaret deira attende til Herren.
  
9. Då sa Herren til Moses: Høyr her! Eg skal koma til deg i ei tett sky, so folket kann høyra når eg talar med deg; då skal dei alltid tru på deg. Då Moses hadde sagt Herren kva folket svara,
  
10. so sa Herren til han: Gakk til folket og seg dei skal helga seg idag og i morgen og två klædi sine.
  
11. Tridje dagen skal dei halda seg reiduge; for då vil Herren stiga ned på Sinai-fjellet for augo åt alt folket.
  
12. Og du skal setja ei stengsla for folket rundt ikring og segja: Vara dykk og gakk ikkje upp på fjellet, og kom ikkje innåt det! Kvar den som kjem innåt fjellet, skal døy.
  
13. Ingen må taka si hand i han! Han skal steinast eller skjotast; anten det er dyr eller folk, so skal dei lata livet. Men når hornet ljomar med lange tonar, då skal dei stiga upp på fjellet.
  
14. So gjekk Moses ned av fjellet til folket og sa dei skulde helga seg og två klædi sine.
  
15. Og han sa til dei: Tridje dagen lyt de halda dykk reiduge! Kom ikkje nær kvinnor!
  
16. So var det tridje dagen med same det ljosna, då bar det laust med toreslått og ljon; på fjellet låg ei tjukk sky, og dei høyrde ein ovsterk lurljod. Då skalv alt folket som i lægret var.
  
17. Men Moses førde folket ut or lægret til møtes med Gud, og dei vart standane innunder fjellet.
  
18. Og heile Sinai-fjellet stod i ein røyk, av di at Herren for ned på det i eld; røyken steig upp som av ein masomn, og heile fjellet dirra og skalv.
  
19. Og ljurljoden auka og vart sterkare og sterkare; Moses tala, og Gud svara han lydt.
  
20. Då Herren hadde stige ned på Sinai-fjellet, på øvste tinden, so kalla han Moses upp på nuten til seg. Då gjekk Moses upp,
  
21. og Herren sa til han: Gakk ned og vara folket, so dei ikkje bryt seg fram til Herren og vil sjå han; for då kjem mange av dei til å stupa.
  
22. Og prestane, som kjem nærmare innåt Herren, lyt og helga seg, so Herren ikkje skal fara inn imillom dei.
  
23. Då sa Moses til Herren: Folket kann ikkje koma upp på Sinai-fjellet. For du hev sjølv vara oss og sagt: Set eit gjerde kring fjellet og lys det heilagt!
  
24. Og Herren sa til han: Gakk no berre ned og kom so upp att, både du og Aron! Men prestane og ålmugen må ikkje brjota seg fram og stiga upp til Herren; for då kjem han til å fara inn imillom dei.
  
25. So gjekk Moses ned til folket og sa det til dei.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES