Bible Study: FrontPage




 

2 Mosebok, Chapter 20

Bible Study - 2 Mosebok 20 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Då tala Gud alle desse ordi og sa:
  
2. Eg er Herren din Gud, som førde deg ut or Egyptar-landet, or slavehuset.
  
3. Du skal ikkje hava andre gudar attåt meg.
  
4. Du skal ikkje gjera deg noko utskore bilete eller nokor likning av det som er uppi himmelen, eller det som er nedpå jordi, eller det som er i vatnet nedunder jordi.
  
5. Du skal ikkje tilbeda dei og ikkje tena dei! For eg, Herren din Gud, er ein streng Gud, som hemnar broti åt federne på borni i tridje og fjorde ættleden av dei som hatar meg,
  
6. men gjer vel i tusund ættleder mot dei som elskar meg og held bodi mine.
  
7. Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren til Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans.
  
8. Kom i hug at du held kviledagen heilag!
  
9. Seks dagar må du arbeida og gjera alt det du skal.
  
10. Men den sjuande dagen er sabbat for herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di eller drengen din eller tenestgjenta di eller feet ditt eller den framande som held seg innan portane dine.
  
11. For i seks dagar skapte herren himmelen og jordi og havet og alt som i der er; men den sjuande dagen kvilde han; difor velsigna Herren sabbatsdagen og lyste han heilag.
  
12. Æra far din og mor di, so du fær leva lenge i det landet som Herren din Gud gjev deg.
  
13. Du skal ikkje slå i hel.
  
14. Du skal ikkje vera utru mot maken din.
  
15. Du skal ikkje stela.
  
16. Du skal ikkje vitna rangt mot næsten din.
  
17. Du skal ikkje trå etter huset åt næsten din, eller drengen eller tenestgjenta eller uksen eller asnet hans eller noko anna som høyrer næsten din til.
  
18. Og heile folket såg og høyrde toreslagi og eldingane og lurljoden og røyken av fjellet; og då dei gådde det, skalv dei og heldt seg langt undan.
  
19. Og dei sa til Moses: Tala du med oss, so skal me høyra, men lat ikkje Gud tala med oss; for då døyr me!
  
20. Då sa Moses til folket: Ver ikkje redde! Gud vil røyna dykk; difor er det han kjem - og at agen for han skal bu i hjarto dykkar, so de ikkje syndar.
  
21. So vart folket standande langt burte, medan Moses gjekk innåt myrkeskodda der Gud var.
  
22. Og Herren sa til Moses: So skal du segja til Israels-borni: De hev høyrt korleis eg tala til dykk frå himmelen.
  
23. De skal ikkje gjera dykk nokon gud attåt meg. Gudar av sylv eller gull skal de ikkje gjera dykk.
  
24. Eit altar av jord skal du gjera meg, og på det skal du ofra brennofferi og takkofferi dine, småfeet og storfeet ditt. Kvar den stad som eg vil hava namnet mitt ihugkome, skal eg koma til deg og velsigna deg.
  
25. Men vil du gjera eit steinaltar åt meg, so skal du ikkje byggja det av hoggen stein; for brukar du bitjarn på steinane, so vanhelgar du dei.
  
26. Heller ikkje skal du stiga upp til altaret etter ei tropp, so du nækjer blygsli di uppyver det.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES