Bible Study: FrontPage




 

Esekiel, Chapter 18

Bible Study - Esekiel 18 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Herren ord kom til meg, og det lydde so:
  
2. Korleis kann de bruka dette ordtøket i Israels land: Federne et sure druvor, og borni vert sårtennte?
  
3. So visst som eg lever segjer Herren, Israels Gud: De skal ikkje få bruka dette ordtøket meir i Israel.
  
4. Sjå alle sjeler høyrer meg til, både sjeli åt faren og sjeli åt sonen; meg høyrer dei til; den som syndar han skal døy.
  
5. Og når ein mann er rettferdig og gjer rett og rettferd,
  
6. ikkje et [avgudsoffer] på fjell og ikkje lyfter augo til dei ufysne avgudane åt Israels-lyden og ikkje skjemmer kona åt næsten sin og ikkje kjem nær ei kvinna når ho er urein,
  
7. og ikkje er hard imot nokon, men let skuldmannen få pantet sitt att. Ikkje ranar og røvar, men gjev den svoltne brød og klæder den nakne,
  
8. ikkje låner ut for renta og ikkje tek yvermål, held si hand borte frå urett, feller rett dom mann og mann imillom,
  
9. lever etter mine bod og held mine lover, so han gjer det som rett og godt er - han er rettferdig, leva skal han, segjer Herren Israels Gud.
  
10. Men fær han ein son som vert ein valdsmann, som renner ut blod og gjer noko slag at alt dette*
  
11. som ikkje noko av dette ber seg åt [som faren hev gjort], men endå til eit [avgudsoffer] på fjelli og skjemmer kona åt næsten sin,
  
12. er hard imot armingen og fatigmannen, ranar og røvar, ikkje gjev pantet att, lyfter augo til dei ufysne avgudane fer med styggedom,
  
13. låner ut for rente og tek yvermål - skulde so han få leva! Alt dette avstyggelege hev han gjort; lata livet skal han, blodet hans skal koma yver han.
  
14. Men fær so han att ein son som ser alle syndene som far hans gjer - ser dei og ikkje gjer det same,
  
15. ikkje et [avgudsoffer] på fjelli og ikkje lyfter augo til avgudane åt Israels-lyden, ikkje skjemmer kona åt næsten sin,
  
16. ikkje er hard imot nokon, ikkje tek pant, ikkje ranar og røvar, men gjev den svoltne sitt brød og klæder den nakne
  
17. ikkje forgrip seg på armingen, ikkje tek renta eller yvermål, men gjer etter mine lover og lever etter mine bod, so skal han ikkje døy for misgjeningi åt far sin; leva skal han.
  
18. Men far hans, som for med valdsverk, rana og røva frå bror sin og gjorde det som ikkje er godt, millom landsmennene sine, sjå, han lyt døy for si misgjerning.
  
19. Men de segjer: Kvifor skal ikkje sonen bera misgjerningi åt faren? - Sonen hev då gjort rett og rettferd, alle mine bod hev han halde og gjort etter dei; leva skal han.
  
20. Den som syndar, han skal døy; ein son skal ikkje bera misgjerningi åt far sin, og ein far skal ikkje bera misgjerningi åt son sin; yver den rettferdige skal hans rettferd vera, og yver den ugudlege skal hans gudløysa vera.
  
21. Men når den ugudlege vender um frå alle syndene han hev gjort, og held alle mine bod og gjer rett og rettferd, då skal han leva og ikkje døy.
  
22. Alle misgjerningane han hev gjort skal vera gløymde; for den rettferd skuld som han hev gjort, skal han leva.
  
23. Skulde eg hava hugnad i det at den ugudlege døyr? segjer Herren, Israels Gud. Trur de ikkje at eg heller vil han skal venda um frå sin veg og leva?
  
24. Men når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, all slik styggedom som dei ugudlege fer med, skulde han då få leva? Alle dei rettferdige gjerningar han gjorde, skal verta gløymde; for svikferdi si og for syndi han gjorde, skal han døy.
  
25. Og de segjer: Herrens åtferd er ikkje rett. Høyr då, du Israels-lyd! Er ikkje mi åtferd rett? Er det ikkje dykkar åtferd som ikkje er rett?
  
26. Når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, so lyt han bøta for det og døy; for den uretten han gjer, skal han døy.
  
27. Og når ein ugudleg vender um frå si ugudlege åtferd og gjer rett og rettferd, so skal han berga sitt liv.
  
28. Han såg alle misgjerningane han hadde gjort, og vende um frå dei; leva skal han - han skal ikkje døy.
  
29. Men Israels-lyden segjer: Herrens åtferd er ikkje rett. Er ikkje mi åtferd rett, du Israels-lyd? Er det ikkje dykkar åtferd som ikkje er rett?
  
30. Difor vil eg døma dykk, du Israels-lyd, kvar og ein etter hans åtferd, segjer Herren, Israels Gud. Ven um og vend dykk burt frå alle dykkar brot, so ikkje nokor misgjerning skal føra dykk til fall!
  
31. Kasta frå dykk alle dykkar brot som de hev misfare dykk med, og få dykk eit nytt hjarta og ei ny ånd! Kvifor vil de døy, du Israels-lyd?
  
32. For eg vil ikkje at nokon skal døy, segjer Herren, Israels Gud; so vend då um, so skal de leva!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES