Bible Study: FrontPage




 

Esekiel, Chapter 19

Bible Study - Esekiel 19 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og du, set i med ein syrgjesong yver Israels fyrstar
  
2. og seg: Kvar er mor di? Ei løvemor. Millom løvor låg ho; millom ungløvor ol ho sine ungar.
  
3. Ho fødde upp ein av ungane sine*; ei ungløva vart han, han lærde å rana og røva, menner åt han.
  
4. Men heidningfolk fekk høyra um han; han vart fanga i deira grav, og med naseringar på vart han førd til Egyptar-land.
  
5. Då ho såg ho hadde venta til fåfengs, at all hennar von var spilt, so tok ho ein til av sine ungar* og gjorde ei ungløva av han.
  
6. Han sveiv ikring millom løvor, ei ungløva sjølv, og han lærde å rana og røva, menner åt han.
  
7. Han skjemde enkjone deira og la deira byar øyde, og landet og alt som der var, tok fæla av buringi hans.
  
8. Då sette dei garnet sitt upp imot han, folki frå fylki rundt ikring, og breidde det ut yver han; han vart fanga i gravi dei grov.
  
9. So gav dei han krok i nosi og sette han i eit bur og førde han til kongen i Babel; der sette dei han i ei tjukkmura borg, so ingen skulde høyra røysti hans meir på Israels-fjelli.
  
10. Medan du fekk vera i ro, var di mor som eit vintre planta attmed vatn; rikt på frukt og på greiner var det av alt det vatnet det hadde.
  
11. Det fekk sterke greiner, tenlege til styrarstavar, høgt voks det upp millom skyene, og det var audsynt for si høgd og dei mange rankane sine.
  
12. Då vart det rive upp i harm og kasta på jordi, og austanvinden forturka frukti; dei sterke greinene på det vart rivne av og torna; elden åt dei upp.
  
13. No er det planta i øydemarki, i eit land so turt og tyrst.
  
14. Og eld gjekk ut frå den kvistute greini*; Han øydde frukti, og det hev ikkje meir nokor sterk grein til styrarstav. - Ein syrgjesong er dette, og til ein syrgjesong skal det verta.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES