Bible Study: FrontPage




 

Hebreerne, Chapter 4

Bible Study - Hebreerne 4 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Lat oss difor taka oss i vare for at nokon av dykk skal synast å verta standande etter, sidan ein lovnad um å koma inn til hans kvila endå stend att.
  
2. For fagnadbodet er og forkynt oss, liksom for hine; men ordet dei høyrde, gagna ikkje dei, av di det ikkje ved trui var sameina med dei som høyrde det.
  
3. For me som er komne til trui, me gjeng inn til kvila, etter det som han hev sagt: So svor eg i min vreide: Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila - endå gjerningane var fullførde alt sidan verdi var grunnlagd.
  
4. For han hev ein stad sagt so um den sjuande dagen: Og Gud kvilde Gud den sjuande dagen alle sine gjerningar;
  
5. og atter på denne staden: Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.
  
6. Etter di det soleis sendt att nokre skal koma inn til henne, og dei som fyrst fekk fagnadbodet, ikkje kom inn for vantru skuld,
  
7. so set han atter ein dag: i dag, med di han lenge segjer ved David so lang tid etter, som fyrr er sagt: I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje hjarto dykkar!
  
8. For dersom Josva hadde ført dei til kvila, so hadde han ikkje deretter tala um ein annan dag.
  
9. So stend det då att ei sabbatshelg for Guds folk.
  
10. For den som er komen inn til hans kvila, han hev og fenge kvila frå sine gjerningar, liksom Gud sine.
  
11. Lat oss difor leggja vinn på å koma inn til den kvila, so ikkje nokon skal falla etter det same fyredøme på vantru.
  
12. For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd, og trengjer seg igjenom, til dess det kløyver sjel og ånd, ledmot og merg, og dømer hjartans tankar og råder,
  
13. og ingen skapning er løynd for hans åsyn, men alt er nake og bert for hans augo som me hev å gjera med.
  
14. Sidan me no hev ein stor øvsteprest, som hev gjenge gjenom himlane, Jesus, Guds Son, so lat oss halda fast på vedkjenningi!
  
15. For me hev ikkje ein øvsteprest som ikkje kann hava medynk med vår vesaldom, men ein som er røynd i alle ting i likning med oss, då utan synd.
  
16. Lat oss difor med frimod ganga fram for nådens kongsstol, so me kann få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES