1. For kvar øvsteprest vert teken bland menneske og vert innsett til for menneske til tenesta for Gud, til å bera fram gåvor og slaktoffer for synder,
2. som ein sovoren som kann vera linnhjarta mot dei vankunnige og villfarande, av di han sjølv ligg under vesaldom,
3. og for den skuld lyt han bera fram syndoffer som for folket, so og for seg sjølv.
4. Og ingen tek seg sjølv den æra, men den som vert kalla av Gud, liksom Aron.
5. So hev ikkje Kristus heller teke seg den æra å verta øvsteprest, men han som sa til han: Du er Son min, eg hev født deg i dag.
6. Liksom han og segjer ein annan stad: Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.
7. Og han hev i sitt kjøts dagar med sterkt rop og tåror bore fram bøner og naudbeding til han som kunde frelsa han frå dauden, og vart bønhøyrd for sin gudlegdom,
8. og soleis lærde han, endå han var Son, lydnad av det han leid;
9. og då han var fullenda, vart han upphav til æveleg frelsa for alle som lyder han,
10. med di Gud kalla han øvsteprest etter Melkisedeks vis.
11. Um dette hev me mykje å segja, som og er vandt å leggja ut, etter di de hev vorte seinføre til å høyra.
12. For endå de etter tidi skulde vore lærarar, treng de atter atter til at ein lærer dykk kva som er dei fyrste grunnar i Guds ord, og de hev vorte slike som treng til mjølk og ikkje fast føda.
13. For kvar den som fær mjølk, er urøynd i rettferds ord; for han er eit barn.
14. Men fast føda er for vaksne, for dei som ved tame hev tilvande sansar til å skilja millom godt og vondt.
|