Bible Study: FrontPage




 

Hoseas, Chapter 5

Bible Study - Hoseas 5 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Høyr dette, de prestar, og gjev gaum, du Israels hus, og du, kongehus, legg øyra til! For dykk gjeld domen; for ei snara hev de vore på Mispa og eit utspena net på Tabor.
  
2. Djupt hev dei falle i mange slag villferd; men eg skal tukta dei alle i hop.
  
3. Eg kjenner Efra'im, og Israel er ikkje løynt for meg; for no hev du drive hor, Efra'im! Israel hev sulka seg til.
  
4. Gjerningane deira let dei ikkje få venda um til deira Gud; for dei hev ei hordoms ånd i bringa si, og Herren, honom kjenner dei ikkje.
  
5. Men Israels byrgskap skal vitna imot det beint uppi syni, og Israel og Efra'im skal stupa for si misgjerning; Juda skal og stupa med dei.
  
6. Um dei fer av stad med sine sauer og uksar og vil søkja Herren, so finn dei han ikkje; han hev drege seg ifrå dei.
  
7. Mot Herren hev dei vore utrue, for dei hev født born som ikkje er hans; no skal nymånen* eta upp både dei og alt det dei eig.
  
8. Blås i lur i Gibea, i trompet i Rama! Blås alarm i Bet-Aven*! Fienden er etter deg, Benjamin!
  
9. Efra'im skal verta ei audn på refsingsdagen; millom Israels ætter hev eg kunngjort det som visseleg skal henda.
  
10. Juda-hovdingane hev vorte liksom dei som flyt merkesteinar; yver dei skal eg ausa ut vreiden min som vatn.
  
11. Efra'im vert nedkua, krasa ved dom; for han gav seg til å fylgja menneskebod.
  
12. Eg er som mòl for Efra'im og som ròt i beini for Judas hus.
  
13. Då Efra'im gådde sjukdomen sin og Juda såret sitt, då for Efra'im til Assur og sende bod til kong Jareb*; men han kann ikkje gjera dykk gode att, og såret dykkar vert ikkje lækt.
  
14. For eg er som ei løva mot Efra'im og som ei ungløva mot Judas hus; sjølv riv eg sund og fer min veg; eg ber fengdi burt, og ingen kann berga.
  
15. Eg vil ganga min veg attende til min stad, til dess dei kjennest ved si skuld og søkjer mi åsyn; i si naud skal dei leita etter meg.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES