|
|
Hoseas, Chapter 6
1. Kom, lat oss venda um til Herren! For det er han som hev rive sund, men han vil og lækja oss; han slo, men vil og fetla oss.
2. Han skal gjera oss levande um tvo dagar; den tridje dagen skal han reisa oss upp att, og me skal leva for hans åsyn.
3. So lat oss læra å kjenna Herren, lat oss leggja vinn på å læra å kjenna han! Han renn upp so visst som morgonroden, og han kjem til oss som regnet, som eit vårregn som væter jordi.
4. Kva skal eg gjera med deg, Efra'im? Kva skal eg gjera med deg, Juda? For kjærleiken dykkar er som ei morgonsky, lik doggi som tidleg kverv.
5. Difor hev eg gjeve dei hogg ved profetane, drepe dei med ordi frå min munn, og domane yver deg for ut som ljonet.
6. For eg hev hug til kjærleik og ikkje til slaktoffer, og til gudskunnskap meir enn til brennoffer.
7. Men dei hev brote pakti, liksom Adam; der hev dei vore utrue mot meg.
8. Gilead er ein by med illgjerningsmenner, full av blodfar.
9. Og lik ein røvarflokk som ligg på lur etter folk, er heile prestehopen; dei drep på vegen til Sikem; ja, skamlaust hev dei fare åt.
10. I Israels hus hev eg set gruelege ting; der driv Efra'im hor, der hev Israel sulka seg til.
11. For deg og, Juda, er tiletla ei skurdonn, når eg gjer ende på mitt folks fangetid.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|