Bible Study: FrontPage




 

Hoseas, Chapter 8

Bible Study - Hoseas 8 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Set luren til munnen din*! - Som ein ørn kjem fienden yver Herrens hus, av di dei hev brote pakti med meg og forsynda seg mot mi lov.
  
2. Dei skal ropa til meg: Min Gud! Me, Israel, kjenner deg.
  
3. Men av di Israel hev støytt frå seg det som godt er, skal fienden elta han.
  
4. Dei hev valt seg kongar, som ikkje kom frå meg, dei hev teke seg hovdingar, og eg fekk ikkje vita um det. Av sylvet og gullet sitt hev dei gjort seg gudebilete, so dei skulde verta utrudde.
  
5. Ufyselege er kalven din, Samaria! Harmen min logar imot dei. Kor lenge skal det vara at dei ikkje kann tola reinleik?
  
6. For eit verk av Israel er han, ein kunstnar hev laga han, og nokon gud er han ikkje; ja, Samaria-kalven skal smuldrast i smått.
  
7. For vind sår dei, og storm skal dei hausta; kornet deira fær ikkje aks, grøda gjev ikkje føda, og um ho det gjer, skal framande eta det upp.
  
8. Israel er gløypt; millom folki er dei alt som ein verdlaus ting;
  
9. for dei for upp til Assur liksom eit villasen, som gjeng sine eigne vegar; Efra'im tingar um elsk;
  
10. men endå um dei tingar millom folki, so skal eg no samla dei dit, og dei skal taka til å minka i talet når storkongen trælkar dei.
  
11. Av di Efra'im hev gjort seg so mange altar til å synda med, hev dei vorte altar til synd for han.
  
12. Endå um eg skriv lover åt han i tusundtal, so reknar han dei like vel som framande lover.
  
13. Til offergåvor åt meg ofrar dei kjøt som dei et sjølve; Herren hev ikkje hugnad i dei. No vil han koma i hug misgjerningane deira og heimsøkja dei for syndene deira - dei skal fara attende til Egyptar-land.
  
14. Israel gløymde skaparen sin og bygde seg slott, og Juda bygde mange faste byar; men eg skal senda eld mot byane hans, og han skal øyda slotti hans.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES