Bible Study: FrontPage




 

Hoseas, Chapter 7

Bible Study - Hoseas 7 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Når eg vil lækja Israel, då kjem misgjerningi åt Efra'im og vondskapen åt Samaria til synes; for dei fer med fals, og tjuvar bryt seg inn, og røvarflokkar ranar på vegane.
  
2. Og dei tenkjer ikkje på at eg kjem i hug all vondskapen deira; no hev gjerningane deira ringa dei inne, dei er komne for mi åsyn.
  
3. Med vondskapen sin gleder dei kongen, og hovdingane med lygnene sine.
  
4. Alle i hop er dei horkarar; dei likjest ein omn som bakaren hetar upp; han held berre upp med eldingi frå di han knodar deigen til dess han er syrt.
  
5. På dagen åt kongen vår drikk hovdingane seg sjuke på heit vin; sjølv tek han spottarar i handi.
  
6. For dei gjer hjarta sitt heitt som ein omn medan dei lurer; heile natti søv bakaren* deira, um morgonen brenn det som logande eld.
  
7. Alle i hop vert dei heite som ein omn og brenner upp domarane sine; alle kongane deira er falne, det er ingen av dei som kallar på meg.
  
8. Efra'im mengjer seg med folki; Efra'im hev vorte som ei kaka som ikkje er vend.
  
9. Framande hev tært upp krafti hans, men han veit det ikkje; håret hans er alt gråsprengt, men han veit det ikkje.
  
10. Israels byrgskap vitnar imot han beint uppi syni; men dei vender ikkje um til Herren sin Gud og søkjer han ikkje, trass i alt dette.
  
11. Men Efra'im hev vorte som ei godtrui duva, som ikkje hev vit; Egyptar-land ropar dei på, til Assur fer dei.
  
12. Best som dei fer av stad, breider eg netet mitt utyver dei og dreg dei ned, liksom ein gjer med fuglane i lufti; eg skal tukta dei, so som lyden deira alt hev høyrt.
  
13. Usæle dei, at dei flydde ifrå meg! Øyding yver dei, for di dei hev svike meg! Eg vilde løysa dei ut, men dei for med lygn imot meg.
  
14. Dei ropar ikkje til meg av hjarta, men ligg og jamrar seg på lægjet sitt; dei samlar seg av di dei vil hava korn og druvesaft, men meg vender dei seg ifrå.
  
15. Det er eg som hev lært dei upp, og som hev styrkt armane deira; men mot meg tenkjer dei på vondt.
  
16. Dei vender um, men ikkje uppetter; dei er som ein sviksam boge. Hovdingane deira skal falla for sverd for si hatige tunga skuld; for det vert dei hædde i Egyptar-land.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES