1. Framsegn um Egyptar-land. Sjå, Herren fer fram på lette sky og kjem til Egyptar-land. Då skjelv avgudane i Egyptar-land for han, og hjarta åt egyptarane brånar i brjostet.
2. Og eg vil eggja upp egyptar mot egyptar, so bror skal strida mot bror og ven mot ven, by mot by og rike mot rike.
3. Og vitet åt egyptarane skal kverva or hjarta deira, og eg vil gjera deira råd til inkjes; dei skal søkja til avgudane og trollmennene og daudingmanarane og spåmennene sine.
4. Eg skal gjeva egyptarane i hendene på ein hard herre, og ein streng konge skal råda yver dei, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud.
5. Og vatnet i havet* kverv, og elvi grynnest og turkast ut.
6. Elvane tevjar, kanalane minkar og turkast ut, røyr og sev visnar.
7. Engjane frammed elvi, på elvebakken, og alt åkerland langs elvi turkast upp, fyk burt og kverv.
8. Fiskarane klagar, og alle dei som kastar krok i elvi, syrgjer, og dei som set garn i vatnet, stend modlause.
9. Dei som yrkjer med hekla lin, vert til skammar, og dei som vev fint kvitt ty.
10. Landsens grunnpilarar er nedbrotne; alle dei som arbeidar for løn, er hugsjuke.
11. Berre dårar er hovdingane i Soan; dei visaste millom rådgjevarane åt Farao gjev fåvise råd. Korleis kann de då segja til Farao: Eg er ætta frå vismenner, frå kongane i gamletidi?
12. Kvar er då vismennene dine, at dei kann vitra deg um og skyna kva Herren, allhers Gud, hev etla seg til å gjera med Egyptar-land?
13. Nei, fyrstane i Soan hev vorte dårar, fyrstane i Nof hev vorte til narr, og ættehovdingane hev ført Egyptar-land på villstig.
14. Herren hev rent ut ei svimringsånd i dei, so dei hev ført Egyptar-land vilt i alle tiltak, liksom ein drukken mann ragar um i spyet sitt.
15. Egyptar-land skal ikkje hava framgang med noko av sine tiltak, anten det so er hovud eller hale, palmegrein eller sev som tek seg det fyre.
16. I den tidi skal Egyptar-land vera som kvinnor, det skal bivra og reddast for den lyfte handi åt Herren, allhers Gud, som han svingar imot det.
17. Og Juda-landet vert ei redsla for egyptarane; so ofte nokon nemner det for dei, skal dei skjelva for den rådgjerd Herren, allhers Gud, tek imot det.
18. I den tidi skal det vera fem byar i Egyptar-landet som talar Kana'ans tungemål og sver Herren, allhers Gud, truskap; ein av dei skal heita Ir-Haheres*.
19. I den tidi skal det vera eit altar for Herren midt i Egyptar-landet, og ein minnestein for Herren ved landskilet.
20. Det skal vera til eit merke og eit vitne i Egyptar-landet for Herren, allhers Gud; når dei ropar til Herren for trælkarane skuld, skal han senda dei ein frelsar og stridsmann og berga dei.
21. Og Herren skal gjera seg kjend for Egyptar-land, og egyptarane skal kjenna Herren i den tidi, og dei skal bera fram slaktoffer og matoffer og gjera lovnader til Herren og halda dei.
22. Herren skal slå Egyptar-land, slå, men og lækja, og når dei vender um til Herren, skal han bønhøyra dei og lækja dei.
23. I den tidi skal det vera ein brøytt veg frå Egyptar-land til Assyria, og assyrarane skal koma til Egyptar-land, og egyptarane til Assyria, og egyptarane skal tena Herren saman med assyrarane.
24. I den tidi skal Israel vera tridjemann i sambandet med Egyptar-land og Assyria, ei velsigning midt på jordi,
25. for di Herren, allhers Gud, hev signa det og sagt: Signa vere Egyptar-land, mitt folk, og Assyria, verket av mine hender, og Israel, min arv!
|