Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 20

Bible Study - Esaias 20 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Det året då Tartan kom til Asdod, den gongen Sargon, assyrarkongen, sende han dit, og han stridde mot Asdod og hertok byen -
  
2. i den tidi tala Herren gjenom Esaias, son åt Amos, soleis: Upp, løys hårkyrtelen* av lendene dine og drag skorne av føtene dine! Og han gjorde so og gjekk naken** og berrføtt.
  
3. Då sa Herren: Liksom Esaias, tenaren min, hev gjenge naken og berrføtt, og no i tri år hev vore eit teikn og eit varsel um Egyptar-land og Etiopia,
  
4. soleis skal kongen i Assyria lata fangane frå Egyptar-land og dei burtførde frå Etiopia, både unge og gamle, fara av stad nakne og berrføtte og med berr bak, til skjemsla for Egyptar-land.
  
5. Då skal dei verta forfærde og skjemmast yver Etiopia, som dei sette si von til, og yver Egyptar-land, som dei var byrge av.
  
6. Og dei som bur på denne strandi*, skal segja i den tidi: Soleis gjekk det med dei me sette vår von til, med dei me flydde til etter hjelp so me kunde verta berga frå assyrarkongen. Korleis kann då me koma undan?


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES