Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 26

Bible Study - Esaias 26 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. I den tidi skal dei syngja denne songen i Juda-landet: Ein sterk by hev me, frelsa set han til mur og vern.
  
2. Lat upp portane, so eit rettferdigt folk må få ganga inn, eit folk som held fast på sin truskap.
  
3. Den som er hugfast, han let du alltid hava fred; for på deg lit han.
  
4. So lit då på Herren allstødt! For i Herren, Israels Gud, hev me eit æveleg berg.
  
5. For han hev bøygt ned dei som budde i høgdi, byen som ris so høgt; han støytte han ned, ja støytte han til jordi, slo han ned i moldi.
  
6. Føter trakka honom ned, føter av vesalmenner, fet av armingar.
  
7. Stigen åt den rettferdige er jamn; du jamnar veg åt den rettferdige.
  
8. Ja, på dine domars veg venta me deg Herre; etter ditt namn og ditt minne stunda vår sjel.
  
9. Mi sjel lengta etter deg um natti, og åndi i meg leita etter deg. For straks domane dine råmar jordi, lærer jordbuane rettferd.
  
10. Fær den ugudlege nåde, so lærer han ikkje rettferd; då gjer han urett i det rettvisaste landet, og Herrens høgd ser han ikkje.
  
11. Herre, høgt var handi di lyft, men dei såg det ikkje; dei fekk sjå brennhugen din for folket og vart skjemde; ja, eld øydde uvenene dine.
  
12. Herre, du skal hjelpa oss til fred; for alt det me hev gjort, det gjorde du for oss.
  
13. Herre, vår Gud! Andre herrar enn du hev rådt yver oss; einast ved deg prisar me namnet ditt.
  
14. Daude livnar ikkje, daudingar stend ikkje upp*; difor heimsøkjer og øydelegg du dei og gjer til inkjes kvart minne um dei.
  
15. Du aukar folket, Herre! Du aukar folket og syner deg herleg; du flyt alle grensone åt landet langt ut.
  
16. Herre, i naudi søkte dei deg; og sende upp stille bøner då refsingi frå deg kom yver dei.
  
17. Liksom ei kvinna som er med barn, vrid seg og skrik i ridene når ho skal føda, soleis gjekk det oss for din vreide skuld, Herre!
  
18. Me var med barn, me vreid oss; men då me fødde var det berre vind; frelsa gav me ikkje landet, og det vart ikkje født folk til å bu på jordi.
  
19. Dine daude skal verta levande, mine lik skal standa upp; vakna og fegnast, de som bur i moldi! For dogg yver grøne urter er di dogg; og jordi gjev daudingane attende til livet.
  
20. Gakk då, mitt folk, inn i kovane dine og lat att dørene etter deg! Gøym deg ein augneblink, til dess vreiden gjeng yver!
  
21. For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin og vil heimsøkja jordbuane, for deira misgjerd skuld, og jordi skal syna fram det blod som er utrent på henne, og ikkje meir dylja sine drepne.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES