|
|
Esaias, Chapter 27
1. I den tidi skal Herren med sverdet sitt, det harde og store og sterke, heimsøkja Leviatan, den flogsnare draken*, og Leviatan, den krøkjande draken, og han skal drepa ubeistet som ligg i havet**.
2. I den tidi [skal de kveda]: Det finst ein yndeleg vingard; syng um han!
3. Eg, Herren, er vaktaren hans, kvar augneblink vatnar eg han; eg vaktar han dag og natt, so ingen skal heimsøkja han.
4. Vreide hev eg ikkje mot han. Hadde eg tornar og tistlar mot meg i strid, då skulde eg rjuka på dei og brenna dei upp alle i hop -
5. utan so dei vilde søkja vern hjå meg, gjera fred med meg, ja gjera fred med meg.
6. I komande dagar skal Jakob røta seg, Israel bløma og få renningar, og dei skal fylla jordheimen med frukt.
7. Hev vel Herren slege Israel so hardt som han slo den som slo han? Eller vart han drepen liksom fiendane hans vart drepne?
8. Med måte refste du folket då du jaga det frå deg. Herren dreiv det burt med sitt harde ver den dagen austanvinden bles.
9. Difor vert og misgjerdi åt Jakobs utsona, og det at syndi hans vert burtteki, gjev fullmogi frukt, når alle altarsteinane vert krasa som kalksteinar, og Astarte-bileti og solstolpane ikkje reiser seg meir.
10. For den faste byen ligg i øyde, ein folketom bustad, aud som øydemarki. Kalvar beiter der og hev der si lega og et av kvistene;
11. når greinene hev vorte turre, bryt dei dei av, kvinnfolki kjem og nører upp eld med dei. For dette er ikkje noko vitugt folk; difor miskunnar deira skapar dei ikkje, og han som laga dei, er dei ikkje nådig.
12. Og det skal henda i den tidi at Herren skal halda ei frukthausting alt frå Storelvi* til Egyptar-lands-bekken, og de, Israels born, skal verte sanka, ein for ein.
13. Og det skal henda i den tidi at dei skal blåsa i ein stor lur, og då skal dei koma dei burtkomne i Assurs land og dei burtdrivne i Egyptar-landet, og dei skal tilbeda Herren på det heilage fjellet i Jerusalem.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|