Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 38

Bible Study - Esaias 38 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ved det leitet vart Esekias so sjuk at det stod um livet. Og Esaias Amosson, profeten, kom til han og sa til han: So segjer Herren: Skipa alle ting til rettes i huset ditt! For du lyt døy; du fær ikkje leva lenger.
  
2. Då snudde Esekias andletet mot veggen og bad soleis til Herren:
  
3. Å, Herre, kom då i hug at eg hev ferdast for di åsyn i truskap og med heilt hjarta og gjort det som godt er i dine augo! Og han storgret.
  
4. Då kom det eit ord til han frå Herren; det lydde so:
  
5. Gakk og seg til Esekias: So segjer Herren, Gud åt David, far din: Eg hev høyrt bøni di og set tårone dine. Sjå, eg vil leggja femtan år attåt alderen din.
  
6. Og eg vil berga deg og denne byen frå assyrarkongen og veldet hans, og eg vil verna denne byen.
  
7. Og no skal du høyra kva merke Herren gjev deg på at han vil halda det han hev lova:
  
8. Sjå, eg let skuggen på solskiva, som hev gjenge ned med soli på solskiva åt Akas, ganga ti strek attende. Og soli gjekk attende ti av dei streki ho hadde gjenge ned.
  
9. Ein song som Esekias, Juda-kongen, skreiv då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen:
  
10. Eg sa: I mine beste år lyt eg fara igjenom helheimsportane; eg lyt bøta med resten av åri mine.
  
11. Eg sa: Eg fær ikkje sjå Herren, Herren i landet åt dei levande; eg fær ikkje skoda menneske meir millom dei som bur i stilla.
  
12. Min bustad vert upprykt og burtførd frå meg som eit hyrdingtjeld; eg hev rulla mitt liv i hop som ein vevar, frå varpet skjer han* meg av; frå dag til natt gjer du av med meg.
  
13. Eg roa mi sjel alt til morgons; som ei løva knasar han alle mine bein; frå dag til natt gjer du av med meg.
  
14. Som ei svala, ei trana, so sutra eg, eg kurra som ei duva; dimme såg mine augo mot høgdi: Eg er kvidefull, Herre, borga for meg!
  
15. Kva skal eg segja? Han hev sagt meg det, og han hev gjort det*; Stilt vil eg ferdast alle mine år etter all mi sjelekvida.
  
16. Herre, ved dei* lever menneskja, og dei held uppe alt liv i mi ånd; so gjer meg då frisk, og lat meg leva!
  
17. Sjå, til fred vart meg det beiske, ja det beiske, og kjærleg drog du mi sjel or tyningsgravi; for du kasta alle mine synder bak ryggen din.
  
18. For ikkje prisar helheimen deg, ikkje lovar dauden deg; ikkje vonar dei som fer ned i gravi, på truskapen din
  
19. Dei levande, dei levande, dei prisar deg, liksom eg i dag; ein far lærer borni sine um truskapen din.
  
20. Herren er reidug til å frelsa meg, og på mine strengeleikar vil me leika alle våre levedagar i Herrens hus.
  
21. Esaias sa dei skulde henta ei fikekaka og leggja til plåster på verken, so han skulde friskna til att.
  
22. Esekias sa*: Kva skal eg hava til merke på at eg skal ganga upp til Herrens hus?


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES