Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 39

Bible Study - Esaias 39 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ved det leitet sende Merodak Baladan, son åt Baladan og konge i Babel, nokre menner med brev og gåvor til Esekias, då han høyrde at han hadde vore sjuk og vorte frisk att.
  
2. Esekias var glad for dei kom, og han synte dei skatthuset sitt, sylvet og gullet og dei angande kryddone og den kostsame oljen og heile våpenhuset sitt og alt det som var i skattkammeri hans; det fanst ikkje ein ting i hans hus og i heile hans rike anna han let dei få sjå det.
  
3. Då kom profeten Esaias til kong Esekias og spurde han: Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå til deg? Esekias svara: Dei kom frå eit land langt burte - frå Babel.
  
4. Hin spurde: Kva fekk dei sjå i huset ditt? Esekias svara: Alt som er i huset mitt, fekk dei sjå; det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte dei.
  
5. Då sa Esaias til Esekias: Høyr no ordet frå Herren, allhers Gud:
  
6. Det kjem ei tid då alt det som finst i huset ditt, og alle skattane som federne dine hev samla alt til denne dag, skal førast burt til Babel; det vert ingen ting att, segjer Herren.
  
7. Og sume av sønene dine som skal ættast frå deg, som du er far til, skal dei taka og gjera til hirdmenner i slottet åt kongen i Babel.
  
8. Esekias svara: Det ordet du segjer meg frå Herren, er godt. Og han la til: Det skal då få vera fredleg og trygt so lenge eg lever.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES