Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 46

Bible Study - Esaias 46 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Bel* sig, Nebo* stuper; deira bilete vert gjevne til dyr og fe; dei som de bar**, vert lagde på dyr som ber seg trøytte av byrdi.
  
2. Dei stuper og sig alle saman, dei kann ikkje berga byrdi, og sjølve lyt dei fara or landet.
  
3. Høyr på meg, de av Jakobs hus og alle de som er att av Israels hus, de som er lagde på meg frå morslivet, som eg hev bore frå morsfanget.
  
4. Alt til dykkar alderdom er eg den same, og til de grånar i håret, skal eg bera dykk; eg hev gjort det, og eg skal framleides lyfta dykk, eg skal bera og berga dykk.
  
5. Kven vil de likna meg med og setja meg jamsides med? Kven vil de setja upp til jamliken min?
  
6. Dei rister gull utor pungen og veg upp sylv på vekti, dei leiger ein gullsmed til å laga ein gud av det; so dei kann bøygja kne og tilbeda;
  
7. dei tek han på oksli og ber han burt og set han på staden hans, so stend han der og flyt seg ikkje av flekken; ropar ein til han, so svarar han ikkje, or naudi bergar han ikkje.
  
8. Tenk på dette og ver støde! De fråfalne, tak det til hjarta!
  
9. Tenk på det fyrste frå fordoms tid, at eg er Gud, og ingen annan, at eg er Gud, og ingen er min like,
  
10. eg som frå upphavet varslar enden, og frå fordom det som ikkje endå hev hendt, eg som segjer: Mi rådgjerd skal verta fullførd, og alt det eg vil, det gjer eg,
  
11. eg som kallar ørnen hit frå aust; frå eit land langt burte ein mann som skal fullføra mi råd; som eg hev sagt det, so let eg det koma, som eg hev tenkt det, set eg det i verk.
  
12. Høyr på meg, de stridlyndte, de som er langt burte frå rettferd!
  
13. Eg fører mi rettferd hit, ho er ikkje langt burte, og mi frelsa drygjer ikkje; eg gjev frelsa i Sion og min herlegdom til Israel.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES