Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 47

Bible Study - Esaias 47 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Stig ned og set deg i moldi, du møy, Babel-dotter! Set deg på jordi utan kongsstol, du kaldear-dotter! For ikkje skal dei lenger kalla deg den fine og kjælne.
  
2. Tak handkverni og mal mjøl, legg sløret burt, lyft slepet upp, næk leggen, vad yver elvar!
  
3. Dei skal nækja blygsli di, og di skam skal dei sjå; hemn vil eg taka og ikkje spara noko menneske.
  
4. Vår utløysar, han heiter Herren, allhers Gud, Israels Heilage.
  
5. Sit tagal, og gakk inn i myrkret, du kaldear-dotter! For dei skal ikkje lenger kalla deg dronning yver riki.
  
6. Eg var harm på mitt folk, vanhelga min arv og gav dei i dine hender; du viste ikkje miskunn, jamvel på gamlingen la du ditt tunge åk.
  
7. Og du sa: Til æveleg tid skal eg vera dronning; so la du ikkje det* på hjarta og tenkte ikkje på endelykti.
  
8. So høyr no dette, du som lever i dine lyster, som sit so trygg, du som segjer i ditt hjarta: Eg og ingen annan! Eg skal ikkje sitja enkja og ikkje vita kva det er å vera barnlaus!
  
9. Båe desse ulukkor skal brått koma yver deg, på ein einaste dag, både barnløysa og enkjestand; i fullaste mål kjem dei på deg trass i dine mange trolldomskunster og all di maning.
  
10. Du leit på vondskapen din og sa: Det er ingen som ser meg! Visdomen din og kunnskapen din hev dåra deg, so du sa i ditt hjarta: Eg og ingen annan!
  
11. So skal det då råma deg noko vondt som du ikkje kann mana burt, og ei ulukka skal falla yver deg, som du ikkje er god til å sona burt, og brått skal det koma yver deg tjon når du ikkje varast.
  
12. Kom no med all di maning og med dine mange trolldomskunster, som du hev streva med ifrå ungdomen! Kanskje kunde du finna hjelp, kanskje skræma ulukka burt.
  
13. Du hev mødt deg ut med dine mange råder; lat dei so møta og hjelpa deg, himmel-granskarane, stjernekikarane, dei som kvar månad forkynner kva som skal hendast deg!
  
14. Sjå, dei er som halm; elden brenner dei upp, dei kann ikkje berga sitt eige liv or loge-vald; det er ikkje glør til å verma seg med, ikkje bål til å sitja ikring.
  
15. So gjeng det deg med dei du hev streva for; handelsvenene dine frå ungdomen din, dei vinglar kvar sin veg; det finst ingen som hjelper deg.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES