Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 49

Bible Study - Esaias 49 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. De øyland, høyr på meg, og lyd etter, de folk langt burte! Herren hev kalla meg frå morslivet, han hev nemnt mitt namn frå morsfanget.
  
2. Han hev gjort min munn til eit kvast sverd og gøymt meg i skuggen av si hand; han hev gjort meg til ei blank pil og gøymt meg i pilehuset sitt.
  
3. Og han sa til meg: Du er min tenar, du er Israel, som eg vil syna min herlegdom på.
  
4. Men eg sa: Til fåfengs hev eg streva meg trøytt, og til unyttes reint hev eg øydt mi kraft; men like vel er min rett hjå Herren, og løni mi er hjå min Gud.
  
5. Og no segjer Herren, som frå morslivet hev laga meg til sin tenar, til å føra Jakob attende til han og samla Israel for han - og eg er gjæv i Herrens augo, og min Gud hev vorte min styrke -
  
6. han segjer: Det er for lite at du er min tenar til å attreisa Jakobs ætter og føra heim att den frelste leivningen av Israel; so vil eg gjera deg til ljos for heidningane, so mi frelsa kann nå til enden av jordi.
  
7. So segjer Herren, Israels utløysar, Israels Heilage, til han som kvar sjel vanvyrder, til han som folk hev stygg for, til han som er træl under valdsherrar: Kongar skal sjå det og reisa seg upp, hovdingar skal sjå det og kasta seg ned, for Herrens skuld, som er trufast, Israels Heilage, som valde deg ut.
  
8. So segjer Herren: I den tid som meg tekkjest, bønhøyrer eg deg, og på frelse-dagen hjelper eg deg, og eg vil vara deg og gjera deg til ei pakt for folket, so du skal attreisa landet og skifta ut øydelagd odelsgrunn
  
9. og segja til fangane: Gakk ut! - til dei som er i myrkret: Kom fram! Attmed vegane skal dei få beita og hava kvar snaudheid til beitemark.
  
10. Dei skal ikkje svelta og ikkje tyrsta, og ikkje skal sandglod eller solsteik skada dei; for han som miskunnar dei, skal føra dei og leida dei til uppkomevatn,
  
11. og alle mine fjell vil eg gjera til vegar, og mine rudde vegar skal byggjast høgre.
  
12. Sjå, dei kjem langt burtanfrå, sume frå nord og sume frå vest og sume frå Sinims-landet.
  
13. Jubla, de himlar, og fegnast, du jord! De fjell, set i med gledesong! For Herren trøystar sitt folk og miskunnar armingane sine.
  
14. Sion sa: Herren hev forlate meg, Herren hev gløymt meg.
  
15. Gløymer vel ei kvinna sogbarnet sitt, so ho ikkje miskunnar den ho bar under hjarta? Um endå dei kunde gløyma, so gløymer ikkje eg deg.
  
16. Sjå her, eg hev teikna deg i hendene mine, murane dine hev eg alltid for augo.
  
17. Borni dine skundar seg hit; dei som braut deg i grus, skal fara burt frå deg.
  
18. Upp med augo og sjå deg ikring! Alle samlar seg, dei kjem til deg. So visst som eg lever, segjer Herren, du skal hava dei alle på deg til prydnad og binda dei um deg liksom bruri;
  
19. for ruinane dine og grushaugane og ditt herja land - jau, no vert du for trong for borgarane, og burte er dei som vilde tyna deg.
  
20. Endå skal du få høyra borni frå barnløyse-tidi segja: Romet er meg for trongt; flyt deg, so eg kann få bu her!
  
21. Då tenkjer du med deg sjølv: Kven hev født meg desse borni? For eg var barnlaus og ufør til barneign, utlæg og burtjaga. Og kven hev fostra desse? Eg sat eismal att. Kvar var då dei?
  
22. So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg vil lyfta mi hand til heidningane og reisa mitt merke for folkeslagi; so kjem dei med sønene dine i fanget, og døtterne dine ber dei på herdi.
  
23. Kongar skal vera fosterfeder for deg, og deira dronningar ammor åt deg; dei skal kasta seg å gruve på jordi for deg og slikka moldi av føtene dine; då fær du røyna at eg er Herren, og at dei ikkje vert svikne som vonar på meg.
  
24. Kann ein taka herfanget frå ei kjempa, eller kann fangane sleppa frå den som dei høyrer til med retten*?
  
25. Ja! For so segjer Herren: Både skal dei taka fangane frå kjempa, og herfanget åt valdsmannen skal sleppa undan, og eg vil strida med motparten din og frelsa borni dine.
  
26. Eg vil lata dine trælkarar eta sitt eige kjøt, og av sitt eige blod skal dei verta drukne som av druvesaft; og alt kjøt skal kjenna at eg, Herren, er frelsaren din, og Jakobs Veldige, din utløysar.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES