Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 50

Bible Study - Esaias 50 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. So segjer Herren: Kvar er skilsmålsbrevet åt mor dykkar, som eg hev sendt henne burt med? Eller kven av mine kravsmenner hev eg selt dykk til? Nei, for syndene dykkar er de selde, og for dykkar brot er mor dykkar burtsend.
  
2. Kvifor fann eg ingen då eg kom? Kvifor svara ingen då eg ropa? Er mi hand for stutt til utløysing, eller hev eg ingi kraft til å hjelpa? Med mitt trugsmål legg eg havet turt, elvane gjer eg til øydemark, so fiskane rotnar av di vatnet er burte, og daudar av torste;
  
3. eg klæder himmelen i svart og sveiper han i syrgjebunad.
  
4. Herren, Israels Gud hev gjeve meg ei læresveins-tunga, so eg kann vita å kveikja den trøytte med mitt ord; han vekkjer mitt øyra kvar morgon, han vekkjer det so eg skal høyra på læresveins vis.
  
5. Herren, Israels Gud hev opna mitt øyra, og eg var ikkje strid, eg drog meg ikkje undan.
  
6. Min rygg baud eg fram åt dei som slo, og kinni åt dei som reiv meg i skjegget; eg løynde ikkje mitt andlet for hæding og sputt.
  
7. Men Herren, Israels Gud vil hjelpa meg; difor vert eg ikkje til skammar, difor hev eg gjort andletet hardt som stein, og eg veit at eg vert ikkje sviken.
  
8. Han som hjelper meg til min rett, er nær; kven vil strida mot meg? Kom, lat oss berre møtast! Er nokon min motpart, so lat han koma hit til meg!
  
9. Sjå, Herren, Israels Gud, vil hjelpa meg; Kven er det som vil domfella meg? Sjå, alle skal dei eldast som eit klædeplagg, mòl skal eta dei upp.
  
10. Kven er det av dykk som ottast Herren og høyrer på røysti åt tenaren hans? Når han ferdast i myrker og ikkje ser minste ljos, skal han lita på Herrens namn og stydja seg på sin Gud!
  
11. Men alle de som kveikjer eld, som væpnar dykk med brennande piler - inn med dykk i logen av elden dykkar og millom dei brandpiler de hev kveikt! - Frå mi hand skal det koma yver dykk; i pinsla skal de få liggja.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES