Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 57

Bible Study - Esaias 57 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Den rettferdige set livet til, og ingen legg seg det på hjarta, og gudlege menner vert rivne burt, men ingen ansar at den rettferdige vert riven burt fyrr ulukka kjem.
  
2. Han gjeng inn til fred; dei kviler på sine lægje dei som gjekk vegen sin beint fram.
  
3. Men kom her hit, de trollkjerringborn, du ætt av horkar og skjøkja!
  
4. Kven hev de til låtteløgje? Kven geipar de åt og retter ut tunga? Er de ikkje sjølve brots-ungar, ei ljugar-ætt?
  
5. De som brenn av lystnad ved terebintone, under kvart eit grønt tre, de som slaktar born i dalane, i skortor og skard!
  
6. Håle steinar* i bekken er din deil; dei, ja, dei er din lut; for dei og rende du drykkoffer ut og bar matoffer fram - skulde eg vera nøgd med det?
  
7. På høge og store fjell reidde du lega di; der og steig du upp og ofra slaktoffer.
  
8. Og bakum døri og dørskia sette du ditt minnesmerke*; du snudde ryggen til meg, klædde av deg og steig upp, gjorde lega di breid og tinga med dei**; du lika å liggja med dei, du såg deira skam.
  
9. Du drog til kongen med olje, og du kom med mange angande salvar, du sende dine bod langt burt, og du steig djupt ned, radt til helheimen.
  
10. Um du enn vart trøytt på den lange ferdi, so sa du ikkje: Eg gjev meg yver! Du fann ny kraft i di hand, difor vart du ikkje veik.
  
11. Kven var du redd og ottast, sidan du gav deg burt i lygni og ikkje tenkte på meg og ikkje la deg det på hjarta? Er det ikkje so: Eg hev tagt i lange tider, difor ottast du ikkje meg?
  
12. Eg vil kunngjera di rettferd og dine verk, og dei kann ikkje hjelpa deg.
  
13. Når du skrik, so lat avgudsflokken din berga deg! Nei, ein vind skal føykja dei alle burt, ei vindgufs taka dei med seg; men den som flyr til meg, skal erva landet og få til eiga mitt heilage berg.
  
14. Og det skal verta sagt: Brøyt, brøyt, jamna veg! Tak kvar støytestein burt frå vegen åt mitt folk!
  
15. For so segjer han som er høg og upphøgd, han som tronar æveleg og heiter "Heilag": I det høge og heilage bur eg, og hjå den som er broten og nedbøygd i åndi; for eg vil vekkja åndi til liv hjå dei bøygde og hjarta til liv hjå dei brotne.
  
16. For eg trettar ikkje til æveleg tid, og eg er ikkje stødt og stendigt harm; for då laut åndi ormektast for meg, dei sjeler som eg hev skapt.
  
17. Eg harmast for Israels syndige hækna og slo han, eg løynde mi åsyn og var harm, og han fylgde i fråfall sin hjartans veg.
  
18. Hans vegar hev eg sett, og no vil eg lækja han, eg vil leida han og gjeva han og hans syrgjande trøyst.
  
19. Herren skaper frukt av lippor*; fred, fred for fjerr og nær, segjer han, og eg lækjer han.
  
20. Men dei ugudlege er som det bårande havet; det kann ikkje halda seg stilt, og bylgjone rotar upp skarn og søyla.
  
21. Dei ugudlege hev ingen fred, segjer min Gud.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES