Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 58

Bible Study - Esaias 58 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ropa av full hals, ikkje spar! Lyft di røyst som ein lur og forkynn mitt folk deira brot og Jakobs hus deira synder!
  
2. Meg spør dei dag for dag, og mine vegar vil dei vita; liksom dei var eit folk som hev levt i rettferd og ikkje vendt seg frå sin Guds lov, krev dei av meg rettferdige domar; dei vil at Gud skal koma nær til dei!
  
3. Kvifor* fastar me, og du ser det ikkje? Kvifor spekjer me oss, og du aktar ikkje på det? - Jau, på fastedagen gjer de dykkar gjerning og driv til arbeid alle dykkar folk.
  
4. Sjå, de fastar med kiv og strid, med hogg og slag av gudlause nevar; de fastar ikkje soleis no at røysti dykkar kann høyrast i det høge.
  
5. Er det ei faste eg likar, ein dag då eit mennesket spekjer seg? At ein bøygjer hovudet som eit sev og reider seg seng i sekk og oska - kallar du det ei faste og ein dag som er Herren til hugnad?
  
6. Er ikkje det ei faste eg likar, at de løyser ugudlegskaps lekkjor, sprengjer bandi på åket, gjev dei nedtyngde fridom og knekkjer kvart eit åk?
  
7. Ja*, at du bryt ditt brød åt den svoltne og let heimlause stakkarar koma i hus, at du klæder den nakne du ser, og ikkje dreg deg burt frå ditt kjøt og blod.
  
8. Då skal ljoset ditt renna som morgonroden, og din lækjedom koma brått; di rettferd skal ganga fyre deg, og Herrens herlegdom sist i ferdi.
  
9. Då skal Herren svara når du kallar på han; når du ropar, skal han segja: Sjå, her er eg! Fær du burt ifrå deg tyngjing med åk, sluttar å peika med fingrane* og tala vondt
  
10. og gjev den svoltne det du sjølv hev hug på, og mettar ei nedbøygd sjel, då skal ljoset ditt stråla i myrkret, og di natt skal verta som middag.
  
11. Då skal Herren leida deg alltid og metta deg midt i øydemarki, han skal styrkja beini dine; og du vert som ein velvatna hage, som ei rennande kjelde der vatnet aldri tryt.
  
12. Dine søner skal byggja gamle grushaugar upp att, du skal reisa upp tufter som låg i øyde frå ætt til ætt, og dei skal kalla deg "murbrot-bøtar", "han som vøler vegar, so folk kann bu i landet".
  
13. Held du foten din att frå sabbaten, so du ikkje driv ditt yrke på min heilagdag, kallar du sabbaten ei lyst, Herrens heilagdag høgvyrd, ærar du han, so du ikkje gjeng dine eigne vegar, ikkje gjer di gjerning eller fer med tomt svall -
  
14. då skal du frygda deg i Herren, og eg let deg fara yver haugane i landet og let deg njota arven åt Jakob, far din; for Herrens munn hev tala.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES