Bible Study: FrontPage




 

Jobs, Chapter 17

Bible Study - Jobs 17 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Mi ånd* er knekt og mine dagar sløkte; no er det gravene som ventar meg.
  
2. Eg møter spott på alle leider, og deira trettekjære ferd lyt auga dvelja ved.
  
3. So set eit pant, gakk god for meg hjå deg! Kven annan skulde gjeva meg sitt handtak*?
  
4. For hjarta deira hev du stengt for skyn; difor let du dei ikkje vinna.
  
5. Den som svik vener, so dei vert til rov*, på borni hans skal augo tærast burt.
  
6. Til ordtak er eg sett for folk; eg er ein mann dei sputtar beint i syni.
  
7. Av hugverk dimmest auga mitt, og kvar ein lem er som ein skugge.
  
8. Rettvise folk vert støkte yver slikt, den som er skuldfri, harmast på ein gudlaus;
  
9. men den rettferdige held vegen sin, den som hev reine hender, veks i makt.
  
10. Men de - kom berre alle att! Eg finn nok ingen vismann hjå dykk.
  
11. Dagane mine dei er lidne, rådene mine slitna sund, dei som mitt hjarta emna på.
  
12. Men dei gjer natt til dag, dei segjer: Ljoset er næmare enn myrkret framfor meg.
  
13. Eit hus i helheim er mi von, i myrkret reider eg mitt lægje.
  
14. Til gravi ropar eg: Min far! til makken: Mor mi! Syster mi!
  
15. Kvar vert det då av voni mi? Mi von - kven kann vel øygna henne?
  
16. Til helheims bommar fer dei* ned, når eg legg meg til ro i moldi.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES