Bible Study: FrontPage




 

Jobs, Chapter 35

Bible Study - Jobs 35 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og Elihu tok til ords att og sa:
  
2. Meiner du vel at det er rett, du som hev sagt: Eg er rettvisare enn Gud,
  
3. at so du spør: Kva gagnar det meg, kva bate hev eg um eg ikkje syndar?
  
4. På dette vil eg svara deg, ja dine vener og med deg.
  
5. Vend auga upp mot himmelen og sjå, gjev akt på skyene høgt yver deg!
  
6. Kva tru du gjer han med di synd? Kva skade veld du han um dine brot er mange?
  
7. Kva kann du gjeva han um du er rettvis, kva fær han vel utav di hand?
  
8. Nei, berre for eit menneske, din like, kann gudløysa di hava noko på seg, og berre for eit mannsbarn all di rettferd.
  
9. Dei ber seg ille for dei mange valdsverk; dei skrik um hjelp mot armen åt dei mektige.
  
10. Men ingen segjer: Kvar er Gud, min skapar, han let lovsongar ljoma midt um natti*,
  
11. han som gjev oss meir vit enn dyri uti marki og gjer oss vise framum fuglane i lufti?
  
12. Då fær dei ropa utan svar um hjelp mot ovmod hjå dei vonde.
  
13. Visst høyrer ikkje Gud på tome ord, slikt ansar ikkje den Allmektige.
  
14. Jamvel når du segjer at du ikkje ser han, so ser han nok di sak, og du lyt bia på han.
  
15. Men no, av di du ikkje gjer det, heimsøkjer han deg i sin vreide, han aktar ikkje stort på ovmods-ord.
  
16. Og Job let upp sin munn med fåfengd, han brukar mange ord, fåvitug som han er.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES